Om å gå på universitetssightseeing
Den siste tida har eg besøkt fleire universitet, m.a. Yale, Harvard og MIT. På Yale var eg turist, såg storøygd på det meste og hadde kameraet i handa. På MIT prøvde eg å gli inn blant elevane. Eg studerte dei og sette ned ei liste over korleis ein kan gli best muleg inn:
– Gå i gangane som om du har gått her mange gongar før. Gjerne subb litt, ha vannflaska hengande frå handa og tast på mobilen samstundes.
– Gå med laptopen i hendene, auga halvt lukka, med ei mine som om du verkeleg ikkje orkar å gå lenger.
– Gå målretta.
– Gå med kaffi / brusflaske / eit par skøyter hengande frå arma
– Snakk med tilfeldig forbipasserande om ein e-post du må sende
– Gå og gestikulér, ver svært opptatt av ein diskusjon, gjerne ikledd dress
– Gå i joggebukse, sommarsko, medan du blar gjennom dei lause arka du har i hendene
– Viss du føler du må ta bilete, ta dei in-action medan du går i gangane, så ingen ser at det er det du gjør (det er ein viss fare for at bileta blir dårlege, uskarpe og med fingrar framfor)
– Smil til kjærasten medan du skriv i notisboka di.
På Harvard var dørene stengde, og vi kom ikkje inn nokon plass. Snøen dreiv mellom bygningane, og det var heller utriveleg. Bygningane ruva nærast skulande over oss, og det verka riktig at dette er ein av dei vanskelegaste skulane å komme inn på.