Dette året har eg ikkje berre vore i NYC, eg har òg besøkt Mulighetenes fylke – ein betre stad å bu; Vestfold. Kva skal ein gjere i eit fylke med så mange mulegheiter? Det er vanskeleg å velje ut akkurat kva, men her er nokre tips: – Gå rundt Tusenårseika på Prestegarden i Våle. Eg… Fortsett å lese What to do in VFK
Forfatter: sunnivarb
Uten tittel
Hunting Sunsets Sommaren er ei nydeleg tid for å jakte på solnedgangar. Fint å roe ned, sjå kor sakte og samtidig fort sola sklir ned og ut av syne. Sjå korleis ho leikar seg oppetter himmelkvelvinga, strekkjer seg ut, målar skyane, speglar seg i vindauge. Eg trur det er viktig å ta seg tid til… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
NMU’s sommarleir Frå 9. – 14. juli hadde Norsk Målungdom sommarleir i Ørsta, og eg fekk komme på torsdagskvelden for å ha forfattarstund. Frå austlandssommar flaug det vesle flyet vårt over snøkledde, stålblå og steile fjelltoppar. I små fjellvatn spegla sola seg i skarpe blink. Ørsta var varm og grønkledd oppover fjellveggane. Ottar Grepstad fortalde… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
Så mykje historie. Så mykje solskin. Tel Aviv – Jerusalem – Haifa.
Orientalsk natt ved bålet
I går sat vi på taket av det som likna ein moské, men som eigentleg var ein tobakksfabrikk. Ut av dei forseggjorte kuplane, stakk det piper. Inni den største, blå kuppelen fekk vi gå opp. Fuglar hang i taket. Det var varmt som i ørkenen. Ein varm, fuktig og omsluttande klem. Ein mann kledd i… Fortsett å lese Orientalsk natt ved bålet
Uten tittel
Dresden. Gylne kuplar. Varme kveldar. Det er ikkje så verst å bruke tid på sommarskule og konferanse, når kveldane kan bli brukt til å utforske denne vakre staden.
Ulukkesfugl på tur
Kjenner du til songen Den uheldige mannen? Pappa song ofte denne då eg var lita, og eg blei så lei meg kvar gong, men glad til slutt – for det gjekk jo bra til slutt, og det var jo litt moro undervegs óg. I dag føler eg at eg har hatt ein dag som den… Fortsett å lese Ulukkesfugl på tur
Ble Birgitte Tengs’ fetter dømt for sitt litterære talent?
Ble Birgitte Tengs’ fetter dømt for sitt litterære talent?
Espen Stueland antyder at grunnleggende leseferdigheter truer norsk rettssikkerhet.
Interessant om litteratur og rettssystem, og gode argument for kvifor humanistiske fag er ei bra greie. Dei handlar om menneske, og gir eit grunnlag for å forstå at fiksjon ikkje er verkelegheit. Det som verkar truverdig i ei bok er ikkje naudsynt det som er mest nært opp til det verkelege.
Uten tittel
Sleppfest for Beina i gitaren Mange folk kom for å feire lanseringa av andreboka mi. God stemning. I bakgrunnen gitarspill og song frå Harald og Simon. Opplesningar frå Kristina Leganger Iversen, Charlotte Riise og Siw-Anita Kirketeig. Avslutta med pizza. Boka rekte akkurat fram til festen. Eg fekk ho i handa ein halv time før alt… Fortsett å lese Uten tittel
Æ Å Trondheim
Det er fint å kunne samlast for å snakke om litteratur. I helga var eg så heldig å få vere med på Æ Å Trondheim litteraturfestival. Torsdag til søndag var fulle og fine dagar med mykje snakk og mykje god litteratur. Festivaldagane enda med kaffi og opplesning i hagen til Adrianstua, med tidvis sol og… Fortsett å lese Æ Å Trondheim