Gollum (Andy Serkis) i Hobbiten: En uventet reise (Foto: Warner Bros. Pictures) Nokre av dei første leseopplevingane eg hadde var frå Fantasybøker. Då eg var seks år, las pappa Hobbiten for meg. Einaste grunnen til at han ikkje hadde lese boka til meg tidlegare, var fordi vi berre hadde hatt Hobbiten og Ringenes Herre på… Fortsett å lese Fantastisk litteratur
Forfatter: sunnivarb
Av og til saknar eg Bo
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=f4fB9EXpMTI] I løpet av to år, medan eg skreiv Beina i gitaren, blei eg godt kjend med hovudkarakteren Bo. No når eg ikkje skriv om ho lenger, kjenner eg av og til eit lite sakn etter ho. Det merka eg i dag då eg høyrde på songen “Händerna mot himlen” som eg følte minte meg… Fortsett å lese Av og til saknar eg Bo
Uten tittel
I mangel på snø og julestemning her i Bergen, kan eg sjå tilbake til mitt vintereventyr i Volda i november. Då var det kvite bakkar, knasande snø under skoa og ein fargerik vinterhimmel over fjella. Det var spesielt å få møte lærarstudentar ved Høgskulen i Volda som hadde hatt Beina i gitaren på pensum. Studentane tok… Fortsett å lese Uten tittel
Spontaneventyr til Ølen
Det er eksamensperiode. Det er mastergrad. Og så er det denne draumen eg ber på – om ein dag å kunne leve som forfattar. Spontant fekk eg spørsmål om å vikariere på eit oppdrag om dialekt og nynorsk i Ølen. Telefonen kom i titida og klokka tre, fem timar seinare, var sekken pakka og eg… Fortsett å lese Spontaneventyr til Ølen
Den evige språkleiken
I førelesing har eg nettopp hatt om poststrukturalisme. Vi har snakka om språkleiken, korleis ord ikkje er eintydige. Språket er alltid i ein forhandlingsprosess. Så spanande, så frustrerande, å bruke språket. Nokre gongar blir det bal, misforståingar, andre gongar opnar ei setning opp for heilt nye perspektiv. Luria skreiv i 1981: “With the help of… Fortsett å lese Den evige språkleiken
Fortellingar om framtida
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=FvgdKfWnYCg] Fin film frå Future of Storytelling. Vi kan faktisk spele ei rolle i å finne opp framtida ved å skrive fiksjon om teknologien. Teknologi kan ikkje berre vere fantastisk i seg sjølv, det må òg vere ei god historie rundt han om kvifor vi skal like teknologien og korleis han passar inn i… Fortsett å lese Fortellingar om framtida
Nynorsk er bynorsk
Denne veka var eg på Ålesund bibliotek saman med Terje Torkildsen og snakka om bøker, skriving og kvifor eg skriv på nynorsk. Skuleklassar frå ungdomsskulen og vidaregåande tok turen då biblioteket ønska å sette fokus på bokmålsøya i nynorskhavet. Slagordet for hendinga var “nynorsk er bynorsk”, sidan det jo er slik at ålesundsdialekta ligg mykje… Fortsett å lese Nynorsk er bynorsk
Uten tittel
På fredag spelte Jens Lekman på Hulen i Bergen, oppvarma av House By The Lake. Varmt og smittande glede frå musikarane. Intimt og nært. Lekman innleia songane med fascinerande anekdoter, og sprang ned frå scena for å klemme ein i publikum som tydelegvis hadde flydd halve jorda rundt for å komme på konserten. God oppleving:… Fortsett å lese Uten tittel
Hekser og magi
I går høyrde eg ein interessant samtale om trollkvinner, heksebrenning og magi. Det var Aina Basso og Bente Gullveig Alver som snakka saman, godt leia av Kristina Leganger Iversen. Ein av tinga dei blei einige om var at akademia (i dette høvet historiefeltet) og skjønnlitteraturen har god nytte av kvarandre. Der Basso treng å få… Fortsett å lese Hekser og magi
Metainnlegg om blogging
I dag les eg om blogging i Øyvind Prytz’ Litteratur i digitale omgivelser, og tar meg i å fundere på kvifor eg aldri heilt har forstått denne blogginga. Det vil seie, eg kan godt lese andres bloggar. Det er noko veldig fascinerande og tiltrekkande med blogging, og på vidaregåande vurderte eg å opprette ein fiktiv… Fortsett å lese Metainnlegg om blogging