Love in the Time of Facebook

Som student ved Universitetet i Bergen har eg fått sjansen til å prøve meg på å lage e-litteratur. Love in the Time of Facebook er mitt første ordentlege forsøk på e-litteratur. Tittelen spelar på Gabriel García Márques’ bok Love in the Time of Cholera, der kjærleiken blir samanlikna med sjukdomen kolera. Det kan sjølvsagt trekkjast slutningar ut frå dette, både om Facebook og kjærleik, men ta gjerne ein tur innom LOVE in the Time of Facebook og sjå korleis du klarer kjærleiksutfordringane i vår tid.