Denne veka var eg på Ålesund bibliotek saman med Terje Torkildsen og snakka om bøker, skriving og kvifor eg skriv på nynorsk. Skuleklassar frå ungdomsskulen og vidaregåande tok turen då biblioteket ønska å sette fokus på bokmålsøya i nynorskhavet. Slagordet for hendinga var “nynorsk er bynorsk”, sidan det jo er slik at ålesundsdialekta ligg mykje… Fortsett å lese Nynorsk er bynorsk
Stikkord: forfattarbesøk
På eventyr i Ørsta
Eg har vore så heldig å få besøke Ørsta, bu på Ivar Aasens hotell og snakke med Ørstaungdommar. Skulebesøk (og bibliotekbesøk) kan vere svært fint, og spesielt når eg blir møtt av så mange hyggelege folk. På biblioteket kom klassane puljevis, sette seg på rad og rekke. Nokre syntest fremste rad var skummel, andre ville… Fortsett å lese På eventyr i Ørsta
Digital kvardag
Dei digitale dingsane vi har rundt oss gir oss nye måtar å forstå verda på. På ellingsøya ungdomsskule fekk eg lese tekstar der elevane tok inn det digitale. Dei skulle skildre eit rom som hadde blitt forlatt. Ein elev skildra mobilen og tastelåsen som ikkje hadde gått på endå. Ein fin detalj om at… Fortsett å lese Digital kvardag
På ei øy i regnet
I dag og i morgon er eg på skulebesøk på Ellingsøy. Eg merkar at eg er på heimlege traktar for det regnar noko innmari, og det var nett regnet, lukt av regn og regnlyd som sette i gong skrivinga av Utfor. Mange av minnene frå Ålesund er linka til regn, og det er noko heilt… Fortsett å lese På ei øy i regnet
DKS Skuleturné #5: Skrivemusikk
På Breimyra skole opplevde eg å bli klappa for før eg hadde starta. Elevane var lyttande og engasjerte. Mellom anna blei eg spurt om eg såg hotel cæsar og om eg liker Justin Bieber. Han er ikkje nokon eg har høyrt veldig mykje på, men nokså ofte dukkar han opp på radioen og då er… Fortsett å lese DKS Skuleturné #5: Skrivemusikk
DKS Skuleturné #4: Romankarakter
På Gimle skole fekk eg besøke to åttandeklasser som var ivrige og oppmerksomme. Mange spørsmål blei stilt, alt frå kvifor boka heiter Utfor og om eg har lyst på barn ein gong i livet. Og korleis kan eg vere 24 år, når eg ser ut som ein tjueåring? Ein av elevane spurde om eg ikkje… Fortsett å lese DKS Skuleturné #4: Romankarakter
DKS Skuleturné #3: Digitalspråk
Bergen kristne grunnskole var ein lang gang inne i eit stort bygg, med imøtekommande lærarar og elevar. Før eg gjekk til klassa eg skulle snakke for, fekk eg ein hyggeleg prat med rektor. Mellom anna snakka vi om kor mykje språket har utvikla seg. Dei siste førti åra har språket utvida seg og tatt inn… Fortsett å lese DKS Skuleturné #3: Digitalspråk
DKS Skuleturné #2: No Return
I dag stod Storetveit for tur. Ein labyrint av ein skule, med mange hyggelege rom. Eit lyst og flott bibliotek, og eit rom med det treffande namnet: Romslig, der eg kunne sitje og slappe av før neste økt. Det vart òg tid til å snakke om titlar i pausane. Utfor var ein tittel som kom… Fortsett å lese DKS Skuleturné #2: No Return
DKS Skuleturné #1: Jentemobbing
Tidleg morgon byrja eg turen ut av Bergen sentrum. Eg fekk oppleve bybanen på morgonen, eit kaldt Nesttun. Då eg kom fram til Rådalen hadde sola kravla seg oppafor åskammen og der ho trefte asfalten var det varmt. Det blei eit spanande møte med ein moderne baseskule. Skulen har starta på sitt femte år i… Fortsett å lese DKS Skuleturné #1: Jentemobbing