Om kjensler og empati – og dataspel

image

Korleis skrive slik at lesaren kan oppleve det same som karakteren? 

Då eg var yngre kunne eg skrive ei historie og etterpå vere frustrert over at alt eg hadde gjort og følt saman med karakteren (sinne, sitrande glede, uendeleg sorg) ikkje kom fram i orda. Det eg hadde skrive var berre setningar, ord etter kvarandre – medan det eg hadde opplevd medan eg skreiv var å komme inn i ei ny verd. Nye stader, nye lukter, nye lyder. Karakterane var menneske som var viktige for meg. Eg kunne bli så trist at tårene rann dersom ein av karakterane mine opplevde noko fælt. Og likevel, enn så mykje eg følte, bestod historia berre av korte, nakne setningar, mest av alt eit skjørt og tynt byggverk, eit skjelett utan kjøt. 

På ein måte har eg gitt opp draumen om å få fram akkurat det eg kjenner og føler i ein tekst, men eg arbeidar heile tida for å gi lesaren rom til å kjenne, og ha sine eigne oppdagingar, eigne assosiasjonar og kjensler. Det er spanande. Moglegheita til å leve seg inn i ein annan situasjon er noko av det eg synest er styrken ved bøker. Eg trur eg har lært mykje om empati frå det eg har lest. 

Men det er ikkje berre med ord ein kan skape empati. Ulike kunstformar og uttrykk kan nyttast til å gi lesaren eit innblikk i livssituasjonen til ein annan. Dys4ia er eit sjølvbiografisk spel om då forfattaren skulle prøve hormoninnsprøyting. Spelaren går gjennom ulike faser i denne prosessen. Spelaren må sjølv kjenne på frustrasjon, til dømes når det ikkje er muleg å få ei brikke gjennom hólet i muren. I dette spelet får ein levd seg inn i korleis eitt anna menneske har opplevd noko. Det gir eit innblikk i hennar tankar og kjensler rundt situasjonen. 

image

Kjærleik i fjesbokas tid

image

Ei venninne sa til meg at ho ville slutte å lese twilight og andre kjærleiks-historier, for det gjorde at ho nærast vart skuffa over korleis kjærleiken verkeleg er.

I kontrast til den Hollywoodske “danse på rosa skyer”-kjærleiken, har eg skrive mitt første e-litterære verk kalla Love in the Time of Facebook. Tittelen spelar på Gabriel García Márques’ bok Love in the Time of Cholera, der kjærleiken blir samanlikna med sjukdomen kolera. Det kan sjølvsagt trekkjast slutningar ut frå dette, både om Facebook og kjærleik, men ta gjerne ein tur innom LOVE in the Time of Facebook og sjå korleis du klarer kjærleiksutfordringane i vår tid. 

Digital kvardag

Dei digitale dingsane vi har rundt oss gir oss nye måtar å forstå verda på. På ellingsøya ungdomsskule fekk eg lese tekstar der elevane tok inn det digitale.  

Dei skulle skildre eit rom som hadde blitt forlatt. Ein elev skildra mobilen og tastelåsen som ikkje hadde gått på endå. Ein fin detalj om at nokon nett må ha vore i rommet. 

Når ein annan elev skulle skildre ein kjensle, falt valet på å samanlikne ei kjensle med korleis det er å vente på at noko skal laste ned på datamaskina; at det tar evig lang tid. Eit minutt kjennest som ein halvtime.

Ein tredje skildra ein blomeeksplosjon som skjedde i dataspelet Minecraft, med eit språk og eit ordforråd som høyrde med til Minecraftsjargongen.

Det var veldig interessant å høyre desse tekstane, og korleis dette digitale, som no har blitt kvardagsleg, òg får ein naturleg plass i litterære tekstar.

KISS

Keep it simple stupid

Det enkle er ofte det beste. Eller som vi lærte på Industriell Design: Keep It Simple, Stupid. Det er ofte at interessante løysingar kjem ut av trange kår, at det kan vere nettopp avgrensingane som gir grobotn for nye, grensesprengande tankar. Den vanskelegaste oppgåva er ofte: Design kva som helst. Skriv om kva som helst. 

Etter andre verdskrigen hadde England færre ressursar enn USA til å utvikle ny teknologi. Ingen av dei britiske prosjekta som var i gong hadde spesielt mykje pengar. Dette førte til at dei måtte halde ting enkelt. Britane klarte å unngå tilbakeslaga som amerikanerane fekk i sine større og meir omkosta prosjekt. Slik vart det at dei to første datamaskinene som nokon gong vart ferdiglagd, vart laga i England*.

Ofte er enkle løysingar gode, men det kan vere vanskeleg å tenkje dei ut. Berre det å komme fram til “stored-program”-konseptet var veldig viktig i utviklinga fram til dagens datamaskin. Dette konseptet gjekk ut på at datamaskinas lagringseining skulle innehalde både programinstruksjonar og tal. Ei oppfinning på line med hjulet, i følgje Herman H. Goldstine (Ph.D. i matematikk): så enkelt, når ein først hadde tenkt på det.

Konseptet var i 1944 berre ei løysing på eit teknisk problem når det gjaldt å handtere talrekker, men seinare ville dette gjere det muleg for program å skape andre program – og slik vart frøet planta for programmeringsspråk og kunstig intelligens.

Ein enkel, men viktig tanke.

*“COMPUTER a history of the information machine” av Martin Campbell-Kelly og William Aspray, 2ed 2004.

Store tankar om tabellar

Mot slutten av syttenhundretalet vart det produsert spesialiserte tabellar, som navigasjonstabellar for sjømenn, stjernetabellar for astronomar og livsforsikrings-tabellar for aktuarar.

Tabellane vart produserte av menneskelege datamaskiner (human computers), utan noko mekanisk hjelp. Mange tabellar skulle produserast, og éin feil i ein slik tabell kunne få katastrofale følgjer. Då er det kanskje ikkje så rart at nokon byrja å tenkje på korleis ein kunne forenkle og eliminere feil i tabellaginga. Eit startpunkt for dagens datamaskin.

Charles Babbage (1791-1871) var interessert i tabellproblema. Han kom med ideen til ei differansemaskin, og fekk støtte frå myndigheitene i 1823 for å bygge maskina. Sidan Babbage var den første til å prøve seg på ei slik maskin, var bygginga vanskeleg og ekstremt dyr. Konseptuelt ei enkel maskin, men mekanisk kompleks.

Closeup of Babbage Difference Engine #2 by Larry Johnson, on Flickr

Under bygginga fekk Babbage ein så slåande original idé, at då han sende eit brev for å spørje etter meir pengar, kunne han ikkje la vere å fortelje om denne ideen. Uheldigvis.

Babbage hadde då fått ideen til ein ny type maskin som kunne utføre alle mulege kalkulasjonereit menneske kunne spesifere. Denne ideen fekk myndigheitene til å miste tilliten til prosjektet hans, og han fekk ikkje meir pengar. 

Han var djupt interessert i informasjonsprosessering i stor skala heile livet, men då dei verkeleg store informasjonsprosesseringsorganisasjonane kom, rundt 1850 og 1860, var Babbage ein eldre mann som hadde mista all innverknad.

  • Folk som tenker stort, møter ofte motstand
  • Ingenting er umuleg
  • Personen med den originale ideen, er ikkje naudsynt han/ho som tener på ideen sin

Abraham Lincoln skal ha sagt: Det er overraskande kor mykje ein person kan få til viss han ikke bryr seg om kven som skal ha æra.

Det vil alltid vere viktig å arbeide og utvikle dei ideane ein har. Er ideen levedyktig, vil han overleve, sjølv om ein kanskje ikkje lever til å sjå det.

Meir om historia bak datamaskinen, skrive på ein spanande måte; “COMPUTER a history of the information machine” av Martin Campbell-Kelly og William Aspray, 2ed 2004.

DKS Skuleturné #3: Digitalspråk

Bergen kristne grunnskole var ein lang gang inne i eit stort bygg, med imøtekommande lærarar og elevar. Før eg gjekk til klassa eg skulle snakke for, fekk eg ein hyggeleg prat med rektor. Mellom anna snakka vi om kor mykje språket har utvikla seg. Dei siste førti åra har språket utvida seg og tatt inn mange uttrykk frå det digitale universet.

Det er mange ord vi har lånt frå det fysiske for å skildre det vi ser på skjermen, som “skrivebord” og “Veggen” på facebook. Det engelske ordet for datamaskin, computer, blei brukt lenge før datamaskiner fanst. Computer var først eit menneske som gjorde utrekningar. Framleis er ofte symbolet for å lagre ein diskett, sjølv om diskettar er blitt heilt avleggs. 

Det å google noko er eit ord som har komme etter datamaskina. Google kjem frå Googol som er det matematiske namnet for 1 fulgt av 100 nullar. Blogg og twitre er andre døme på slike ord. Viss ein ungdom på femtitalet snakka med ein ungdom frå 2000-talet er det godt muleg dei ville hatt problemar med å forstå kvarandre. 

Men det vart ikkje så mykje tid til å tenkje rundt språket før det var på tide å gå inn i klasserommet og helse på elevane. Medan eg snakka skreiv læraren ned stikkord på tavla. Morsomt å sjå sitt eige snakk gjennom ein annans notatar. 

Absurde idear (data prehistorie)

Prehistoria til datamaskina har sjølvsagt ingen start. Vi står på skuldrane til gigantar. Desse gigantane står på skuldrene til andre gigantar. Og gigantane var vanlege personar, som åt og pusta, nett slik eg og du gjer. Dei utgjorde ein viktig del, sin del, i utviklinga.

Vi kan byrje med Demokrit, som funderte på korleis ting kunne delast opp. Finst det noko som er udeleleg (atomos)? Eller kva med Descarte som byrja å utvikle tankane slik at vi no kan snakke om kunstig intelligens? Eller innføringa av “0” i Europa? Dette talet for ingenting, talet for det som ikkje eksisterer. Leibniz bygde på kunnskapane til menneska før han, og viste fram det binære talsystemet 0-1. Lat oss starte her.

Dette talsystemet strekkjer ei line til England og Shakespeare. Der Leibniz i Tyskland kunne stille spørsmålet: Finst det (1) eller finst det ikkje (0)? Spurte shakespeare “Å vere eller ikkje vere”. Ein og null, på og av, sant og usant. Å vere og å ikkje vere. Slik kan ein seie at:

Du vil aldri møte ei meir filosofisk maskin enn datamaskina.

Men Leibniz (1646-1716) var heller ikkje den første som kom fram til det binære systemet. Før han, fanst Thomas Hariot (1560-1621), som ikkje berre skildra to-talssystemet, men òg tre-talssystemet, fire-talssystemet etc. Likevel var det ein absurd idé Leibniz hadde, då han tenkte at ved å bruke dette to-talssystemet kunne han designe kalkulatormaskiner av uendeleg storleik.

På ein måte kan ein seie at menneska tilpasser seg teknologien, fordi dei bygger på den teknologien som allereie finst, og utviklar denne. Ville det vore muleg å gå tilbake til “start”, ta bort den kunnskapen vi har no og velje ein annan veg? Det er merkeleg at fleire nyvinningar i teknologihistoria har skjedd nokså samtidig, men har blitt utvikla av menneske som ikkje har hatt kontakt med kvarandre, og budd i ulike land. Betyr dette at utviklinga ikkje kunne ha vore nokon annan?

Er teknologien eit produkt, eller er vi på veg til å bli eit produkt av teknologien? På facebook er det ikkje vi som er kunden, vi er produktet.