Uten tittel

På fredag spelte Jens Lekman på Hulen i Bergen, oppvarma av House By The Lake. Varmt og smittande glede frå musikarane. Intimt og nært. Lekman innleia songane med fascinerande anekdoter, og sprang ned frå scena for å klemme ein i publikum som tydelegvis hadde flydd halve jorda rundt for å komme på konserten. God oppleving:… Fortsett å lese Uten tittel

Hekser og magi

I går høyrde eg ein interessant samtale om trollkvinner, heksebrenning og magi. Det var Aina Basso og Bente Gullveig Alver som snakka saman, godt leia av Kristina Leganger Iversen. Ein av tinga dei blei einige om var at akademia (i dette høvet historiefeltet) og skjønnlitteraturen har god nytte av kvarandre. Der Basso treng å få… Fortsett å lese Hekser og magi

Uten tittel

NMU’s sommarleir Frå 9. – 14. juli hadde Norsk Målungdom sommarleir i Ørsta, og eg fekk komme på torsdagskvelden for å ha forfattarstund.  Frå austlandssommar flaug det vesle flyet vårt over snøkledde, stålblå og steile fjelltoppar. I små fjellvatn spegla sola seg i skarpe blink. Ørsta var varm og grønkledd oppover fjellveggane. Ottar Grepstad fortalde… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

Dresden. Gylne kuplar. Varme kveldar. Det er ikkje så verst å bruke tid på sommarskule og konferanse, når kveldane kan bli brukt til å utforske denne vakre staden.

Uten tittel

Sleppfest for Beina i gitaren Mange folk kom for å feire lanseringa av andreboka mi. God stemning. I bakgrunnen gitarspill og song frå Harald og Simon. Opplesningar frå Kristina Leganger Iversen, Charlotte Riise og Siw-Anita Kirketeig. Avslutta med pizza. Boka rekte akkurat fram til festen. Eg fekk ho i handa ein halv time før alt… Fortsett å lese Uten tittel