På eventyr i Ørsta

image

Eg har vore så heldig å få besøke Ørsta, bu på Ivar Aasens hotell og snakke med Ørstaungdommar. Skulebesøk (og bibliotekbesøk) kan vere svært fint, og spesielt når eg blir møtt av så mange hyggelege folk.

image

På biblioteket kom klassane puljevis, sette seg på rad og rekke. Nokre syntest fremste rad var skummel, andre ville helst sitje nærast muleg. Eg fekk eit godt tips frå ein på fremste rad. Han viste meg korleis eg kunne sjekke Facebook på mobilen, utan at læraren merka det. For det er klart, det er ingen som ikkje har Facebook. 

image

Turen gjekk vidare til Sæbø der eg vart møtt av ei stjerne på Smartboardet, med namnet mitt inni. Dette er det første Microsoft Word-kunstverket som har blitt tileigna meg. Det er stas! Eg måtte sjølvsagt bli tatt bilete av saman med kunstverket, og eleven som tok biletet kunne sine saker. Eg fekk påpakning for at eg ikkje såg direkte i kameraet – og slikt er det viktig å få riktig. 

image

Siste stopp var Vartdal ungdomsskule, som trass i all snøen som har komme det siste døgnet, tok svært varmt imot meg. Elevane hadde allereie lese seg eit godt stykke inn i Utfor, og eg fekk lese vidare for dei. Etterpå hadde dei mange gode spørsmål.

Asfalten var regnvåt onsdag då eg landa på Hovden. I dag sa eg farvel til eit majestisk vinterlandskap, med kneisande fjell og mjuk tåke.

image

På ei øy i regnet

I dag og i morgon er eg på skulebesøk på Ellingsøy. Eg merkar at eg er på heimlege traktar for det regnar noko innmari, og det var nett regnet, lukt av regn og regnlyd som sette i gong skrivinga av Utfor. Mange av minnene frå Ålesund er linka til regn, og det er noko heilt spesielt med det overstrøymande regnvêret, det altoppslukande med ein skikkeleg regnskur, eit fossefall frå den veldige kvelvinga over oss. 

Det er ikkje godt å seie akkurat kvar Ytsteøya ligg, men det var veldig fint å få komme ut på ei av øyene rundt Ålesund og sjå korleis ein sånn ungdomsskule kan sjå ut. Eg fekk eit godt møte med både lærarar og elevar.

DKS Skuleturné #4: Romankarakter

På Gimle skole fekk eg besøke to åttandeklasser som var ivrige og oppmerksomme. Mange spørsmål blei stilt, alt frå kvifor boka heiter Utfor og om eg har lyst på barn ein gong i livet. Og korleis kan eg vere 24 år, når eg ser ut som ein tjueåring? 

Ein av elevane spurde om eg ikkje kunne skrive om han i ei bok. – Det trur eg ikkje at du vil, sa eg. Jo, han ville tru det var kjekt å bli ein romankarakter, men han lurte på om eg i så fall måtte søke om å få skrive om han først. 

Det er mange forfattarar som baserar historierer på ekte personar. Til dømes Knausgård, gjennom bøkene hans er det nok mange som har kjend på kor vanskeleg det kan vere. Viss eg visste at nokon skreiv om meg, trur eg at eg hadde blitt litt skremt. Det å få ein annans blikk på meg sjølv, skrive i ord, skarpe og ubønnhøyrlege, trur eg kan vere nokså tøft. Fordi eg sjølv skriv, ville eg nok ikkje nekta nokon å skrive om meg, men eg ville ha lese det med ei uggen kjensle. 

I Utfor får Lea sjølv kjenne på korleis det er å bli skildra og skrive om, då ho finn utkastet til eit manus. Ho som har skrive manuset, grunngjer det heile med at

“Romanens dramaturgi krev at eg ikkje tar omsyn. Litteratur skal vere ubehageleg.”

Er det sånn det er?

DKS Skuleturné #2: No Return

I dag stod Storetveit for tur. Ein labyrint av ein skule, med mange hyggelege rom. Eit lyst og flott bibliotek, og eit rom med det treffande namnet: Romslig, der eg kunne sitje og slappe av før neste økt. 

Det vart òg tid til å snakke om titlar i pausane. Utfor var ein tittel som kom naturleg mot slutten av boka, men elles kan titlar vere både vanskelege og vriene, og dei er alltid viktige.

Ein elev fekk høyre om tittelen på boka mi, og tippa først at ho handlar om utforkøyring på ski. Det er kanskje den einaste tydinga av ordet boka ikkje handlar om. 

Det neste han gjetta var veldig treffande: “Handlar ho om utforkøyring med bil?” Dette var før han hadde sett framsida. 

Utfor. Smake på ordet. 

Det kan lett handle om “Point of no return” sa han, og det likte eg veldig godt. Det punktet der skifararen sleng seg utfor bakken, eller det punktet der bilen glepp taket i vegen.

Kanskje finst det slike punkt i relasjonar òg? Ein replikk som ikkje kan takast tilbake, eller var det nett det at noko ikkje vart sagt? 

“Det er nemleg ikkje alt det galne folk gjer som svir mest i Utfor, det er alt dei ikkje gjer.” – Guri Fjeldberg i BT

DKS Skuleturné #1: Jentemobbing

Tidleg morgon byrja eg turen ut av Bergen sentrum. Eg fekk oppleve bybanen på morgonen, eit kaldt Nesttun. Då eg kom fram til Rådalen hadde sola kravla seg oppafor åskammen og der ho trefte asfalten var det varmt.

Det blei eit spanande møte med ein moderne baseskule. Skulen har starta på sitt femte år i den nye bygningen. Alt såg ryddig, reint og friskt ut. Limegrønne veggar hadde dei òg.

I tillegg til timar med elevane, fekk eg snakka med lærarar og lære litt meir om korleis det er å vere ungdomsskuleelev i dag.

Eitt tema i Utfor er jentemobbing og utfrysing. Eg las opp ei scene der det er ein lapp som går frå jente til jente. På lappen står det at ei av jentene ikkje kan bli med på filmkveld.

I dag fekk eg høyre meir om korleis mobbing meir og meir kan skje via digitale medium. Det nye er visstnok ”snapshots”. Ein mms blir sendt og mottakaren får berre sjå biletet i fem sekund. Slik er det svært vanskeleg å få lagra bevis på å ha mottatt biletet. Det kan lett bli ord mot ord, og vanskeleg for han eller ho som blir mobba, å bli trudd. Ei melding på facebook vil vere enklare å finne att.

Men det er ikkje alltid ein har lyst til å fortelje om mobbinga. Kanskje skjøner ein ikkje sjølv at det er mobbing, kanskje byrjar ein å tru på det mobbarane seier. Ein kommentar om ”kor fin jakke du har” sagt med eit smalt blikk kan vere nok til å såre.

Det er nok mange (digitale) måtar å mobbe på som eg ikkje kjenner til, men uansett korleis mobbinga er, vil det vere vondt å bli utsett for det.