Mastermas

Eg sit på lesesalen med kalde fingrar. Blanding av sprudlande iver, og redsle i magen.*

For kva skjer eigentleg etter at masteren er levert?

Ein gong var eg lita, og trudde at livet byrja då utdanninga var ferdig. Då skulle ein få seg jobb, og vere vaksen. No gløttar eg framover og ser enden på studietida, og snur meg raskt ein annan veg og held hardt i lesesalpulten.

For kva skjer når siste punktum er sett. Siste forsvarsord er sagt framfor intern og ekstern sensor. Når lånekassa ikkje lenger gir meg ein fin liten pengesum til oppmuntring kvar månad, men i staden skal ha tilbake alt saman. Med renter, sjølvsagt.

Kva når eg står der då. Jobbsøkinga gir magre resultat. Eg har ikkje lenger lesesalen. Har ikkje lenger ei stor oppgåve som er berre mi, og som eg kan le og gråte av. Kva då?

Denne oppgåva som eg har brukt så mange timar på, som berre vil støve ned i ein boks saman med andre masterar**. Om han ikkje blir makulert med det same.

Då eg ikkje var heilt lita lenger, men sånn midt på treet, tenkte eg at master var noko frykteleg fælt å arbeide med. Noko som stal livet frå ein. Ei tid der ein ikkje hadde tid til noko anna enn å sitte på lesesalen, spise posesuppe og skrive fingertuppane grøne og blå. Og så blei ein ferdig og livet starta på nytt. Det var feiring og jubel, og slenging frå lysekroner. Tenk kva ein hadde greidd og gjennomført.

Men kva har ein eigentleg greidd? Eg har sitte for meg sjølv og jobba i eitt år. På ein måte gler eg meg til å vere ferdig, på den andre sida synest eg dette er så moro at eg vil halde fram.*** 

*Tekst skrive (og teikning teikna) i oktober, då eg var i innspurten av masteren. Turde tydelegvis ikkje å publisere teksten med det same. Men sidan bloggen har vore stille som eit knyst ei god stund no, postar eg teksten postmaster. 

** Oppgåva blei ikkje ein gong trykt opp fysisk til biblioteket, berre publisert digitalt. Du kan finne ho her: https://bora.uib.no/handle/1956/8851

*** Fortsetjing følgjer ein eller annan dag – spaninga stig! Leverte eg eller leverte eg ikkje? (oh no, spoileralert i fotnota over)

Klums i storby

Åleine i Oslo. Til tider verkar alt litt for kult for meg. 

Før klokka åtte på morgonen blir eg sjekka opp på Oslo Sentralstasjon av ein mann i tjueåra som fortel at han skal på workshop i dag og viser meg arket der workshopen står skildra, for unge entreprenørar frå Afrika. Han kjøper to flaskar cola, og gir den eine til meg. Eg prøvar å verke veldig opptatt av å få lest meir i boka mi. Etter at han har gått med eit håndtrykk og “See you”, traskar eg av garde med ein brus eg ikkje likar, og spør ein random framand (med sekk på ryggen) om han liker cola – han verkar svært utilpass med at eg kan spørje om noko sånt, og eg finn ut at det ikkje er vits å prøve å forklare kvifor eg plutseleg har ei flaske cola til overs. 

I staden tar eg turen ut frå Oslo S, med trillekofferten durande over brosteinen og ein blå sekk på ryggen. Vel inne på ein kafé klarer eg berre å drikke ein halv mocca (i løpet av tre timar), men får jobba desto meir. For å gå inn på toalettet må eg ta med meg sekken (og set att trillekofferten som berre inneheld klede), men det viser seg etterpå at eg like så godt la lommeboka fullt synleg oppå kåpa mi. Den eldre dama som sit ved sidan av, seier at eg skal vere veldig glad for at det var ho og ikkje nokon annan som sat der og såg lommeboka mi. “Du kan ikke gjøre sånt,” seier ho og det er eg sjølvsagt heilt einig i. 

På veg til ny kafé (og nytt møte), set eg meg på ein kald betongstol framfor ein modernistisk skulptur, og et nista eg lagde meg i går.

Framme med kafeen Fuglen kjem eg litt utilpass og klumsete inn døra, køyrer trillekofferten framfor meg og klarer faktisk å ikkje velte noko med sekken min, endå kor smalt det er. Ingen ledige bord, sjølvsagt. Så eg flyktar inn i mobilen (har ikkje sjangs til å komme meg ut att no, med alt pikkpakkeriet), og ventar til eg kan setje meg på ein høg barkrakk ved vindaugsrekka. 

Når eg kjøpar grøn te får eg ei flott kanne med brikke under + kopp med tefat, som jo er rein luksus, men òg eit problem i forhold til korleis det skal bærast til plassen min som er på andre sida av den trange tarmen (og framleis har eg den halvmetertykke sekken på ryggen, for den kan eg jo ikkje berre legge frå meg). På eit vis går det seg til. Ingen blir skadd. 

image

Men så endrar dagen seg, for det er fint å sitje på barkrakken og sjå ut på gata, drikke te frå eigen kanne og etter kvart kjem forfattaren som eg skal intervjue i høve masteroppgåva mi, og då stig stemninga fleire hakk.