Om det ikkje var tydeleg allereie: Bloggen er på pause, langt bak i køa over det som skal gjerast. Fremst er bleier, graut og ei verd som skal utforskast saman med ein liten gut. Nydelege smil, hikstande latter og ein liten kropp som gjerne sovnar med kinnet i nakkegropa mi.
Bilder
Når ei grå helg nærmar seg slutten …
… er det fint å gå til eit utkikkspunkt i nabolaget og sjå sola lage kunst av skyene.
Abril, águas mil
Eg lurer på om vi kjem til å få sjå at desse trea blir grøne før vi drar … I dag har eg ullstilongs og ulltrøye. I går høyrde vi eit ordtak her i Portugal: Abril, águas mil – April, regn i tusenvis. April er den siste månaden vi skal vere her. Det bør i alle fall bli… Fortsett å lese Abril, águas mil