Det er ingen bak meg. Eg held hardare om geværet, går vidare rundt hytta. Snøskuteren står på skuggesida, under ein grå presenning. Eg dyttar borti han med votten, plastikken buldrar, frossen og stiv. Magnar har sagt eg burde teste skuteren no og då, for å vite at han fungerar som han skal. Ikkje i dag.
Skuleåret 2010/2011 gjekk eg på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Idealkadaver vart tittelen på studentantologien vår. Eg skreiv to tekstar til antologien: kortteksten Vente på solnedgang og novella Måka og kvalvirvelen. I tillegg er det flotte og varierte tekstar frå mine medelevar: Hild Borchgrevink, Jon Kristian Harvik, Sondre Midthun, Magnus Salte, Jakob Skjelbred, Morten Langeland, Kirstine Reffstrup, Solveig Tjeltveit, Kenneth Moe, Kristoffer Mikkelson Miracco og Skjalg Wie Skare.
Fridomen som har slukt Magnar, lukkar meg ute. Eg har ønska meg til ein utestad, ikkje nødvendigvis eit anna land, berre ein plass stuva full med menneskje, så stappa full at varmen er uuthaldeleg, at alle kroppane stemmar saman, dansar, ein felles puls i alle kroppane, dansar til ein musikk som er så høg, i fleire timar etterpå vil eg berre høyre piping.