Denne helga har vi vore turist-turistar. Spesielt på laurdagen då vi drog til Parque das Nações, eit område som i stor grad blei skapt til verdsutstillinga Expo ’98. Fleire av bygningane ser svært futuristiske ut, samstundes som dei verkar gamle, med rust og med formar som kanskje ikkje er like mykje brukt i dag. På ein måte minna det meg om Star Wars. Guideboka vår, Lommekjent i Lisboa (Lonely Planet), skildrar staden slik:
et prakteksempel på urban nyskaping […] Glitrende høyblokker, futuristiske konsertsaler og Europas lengste bro og nest største akvarium hever seg over elven som er så bred som et hav.
– Lommekjent i Lisboa, s. 88
Vi måtte sjølvsagt innom Oceanário de Lisboa, det nest største akvariet i Europa med 8000 artar. Eg synest det er fint at artsbevaring er det viktigaste for akvariet og ikkje sirkuskunstar, så habitata var realistiske og havoterane og pingvinane gjorde ikkje anna enn å vere havotera og pingvinar. Dei var svært søte – spesielt havoterane.
Og til slutt ein video av havoterane, som V tok:
Så kjekt å lese! Håper på fleire slike glimt frå livet i Lisboa