Uten tittel

Dagane flyg i NYC. Frå morgon til kveld er det ting å gjere. Gå over bruer. Sjå i butikkar, loppemarked. Spasere gjennom parkar. Vere på bokslepp på ein uavhengig bokhandel, og vaske klede på det lokale vaskeriet.

Reisenotat

Om å gå på universitetssightseeing Den siste tida har eg besøkt fleire universitet, m.a. Yale, Harvard og MIT. På Yale var eg turist, såg storøygd på det meste og hadde kameraet i handa. På MIT prøvde eg å gli inn blant elevane. Eg studerte dei og sette ned ei liste over korleis ein kan gli… Fortsett å lese Reisenotat

Uten tittel

KUNNSKAPEN III Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT. Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.

Uten tittel

KUNNSKAPEN II Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.

Uten tittel

BOSTON TIL FOTS Går heile dagar. Korsryggar verkar. Snøen driv gjennom lufta, men av og til splittar sola skyene og målar raudne i kinna våre. Då kan fotoapparatet tas fram (eller mobiltelefonen som det no har blitt). Smale gater. Opne parkar. Allégater og handlegater. Gater med engelsk preg. Industriområde. Gedigne bensinstasjonskilt, større enn hus. Hyggeleg… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

KOLLEKTIVT Frå Fairfield til New Haven, så vidare til Boston. Ei rutetavle som brettar seg fram til rette tider, spor og stader. Sol inn bussruta, kokande kinn. Kø av trailere på motorvegen.

Reiseskriving

Reising og skriving. Mange forfattarar reiser og mange har skrive om det. I haust leste eg Rønnaug Kleiva si ARMENIA ALBANIA ARGENTINA. Ei fin og spanande bok, om ei kvinne som reiser åleine. Eg blei inspirert. Det høyrest forlokkande ut, men eg er glad eg denne gongen skal dra saman med nokon, og har ein… Fortsett å lese Reiseskriving