Eg har vore så heldig å få besøke Ørsta, bu på Ivar Aasens hotell og snakke med Ørstaungdommar. Skulebesøk (og bibliotekbesøk) kan vere svært fint, og spesielt når eg blir møtt av så mange hyggelege folk. På biblioteket kom klassane puljevis, sette seg på rad og rekke. Nokre syntest fremste rad var skummel, andre ville… Fortsett å lese På eventyr i Ørsta
Stikkord: litteratur
Å lese med fingrane
Strange Rain er ein applikasjon for iPad, iPhone og iPod touch som fortel historia til ein mann som stiller seg ute under open himmel. Det regnar, ein høyrer korleis regnet treff bakken. Stemninga blir heilt spesiell, ein kan sjølv regulere kor mykje det skal regne, sjølv trykkje på skjermen og få ord og spredte tankar… Fortsett å lese Å lese med fingrane
Tenke gjennom teknologien
Verktøy formar oss. Korleis tenkje gjennom den digitale teknologien? Dei ulike måtane å skape tekst på, gjer noko med språket. Eg kjenner ein som alltid skreiv sine teatermanuskript for hand først, før han førte det inn på datamaskin. Tomas Espedal skriv sine manuskript på skrivemaskin. Emily Dickinson fekk berre trykt nokre få av sine tekstar… Fortsett å lese Tenke gjennom teknologien
Tekstlege eventyr
Tekst kan vere eit svært kraftfullt medium og kan produsere oppslukande opplevingar. Dette fekk vi ein fin diskusjon på i e-litteraturforelesing, etter at heimeleksa var å spele MUD. Hans Fredrik Dahl skreiv i Dagbladet at ”Musikk og musikkteknologi spiller større rolle for unge mennesker i dag enn dikt og diktsamlinger, mens visuell kultur vekker dypere… Fortsett å lese Tekstlege eventyr
Cybertekst før og no
Ei investering av personleg improvisasjon som kan resultere i anten intimitet eller fiasko. Det kan høyrest ut som skildringa av det å bygge relasjonar mellom menneske, men professor Espen Aarseth bruker desse orda til å seie korleis det er å prøve å bli kjend med ein cybertext. Våren 2012 hadde eg mitt første fag om… Fortsett å lese Cybertekst før og no
Språkleg leikeplass
Då eg gjekk på ungdomsskulen og ikkje fann andre som var like litteraturinteresserte som meg, fann eg eit samfunn på dikt.no. Denne nettstaden fungerte som ein skriveverkstad for meg i fleire år. Eg fekk utvikla språket mitt, lærte å få kritikk og forholde meg til ein lesar. I tillegg vart eg kjend med folk, gjerne… Fortsett å lese Språkleg leikeplass