Innimellom søv han så lenge at eg får tid til å ta fram maskina og skrive ned nokre ord. Det kjenst herleg. Gjerne utandørs, når vêret er godt. Det er ikkje lang nok tid til å tenkje dei store, lange tankane og jobbe med intrikate lange liner. Men perfekt til å flikke på ei gammal novelle, lese Kjell Askildsen og hugse kor mykje eg har lært av han.

