Kulturnatt i Bergen

I går var eg på kultursafari i ei regntung natt. Nett slik det skal vere, når Bergen er staden. Det var mange opne galleri og museum, det var musikk rundt kvart gatehjørne, skrift over heile Festplassen, dansing på Torgallmenningen. Eit program med mange mulegheiter. 

Utan ein plan, trakka vi ut under regndropane, vart hanka inn ved Griegakademiet til nydeleg song og piano, med tekstar av Jakob Sande. M.a. Fløytelåt (1945):

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,

kvistfri og ferdig til fløytebruk

for hage smågutehender.

Etterpå var det Bergens einaste fløytekvartett som spelte to stykke. Musikken gjekk som ein virvelvind mellom dei fire jentene. 

Kjende meg heldig etter ei slik flott oppleving, men sjølv om kvelden kanskje ikkje var heilt ung lenger, gjekk vi vidare. Torgallmenningen hadde tatt kvelden, men over Festplassen var det slanke, kvite bokstavar. Eg sprang mellom linjene for å lese kva som stod der. Før eg var kome til slutten, hadde den store meininga forlate meg og etter å ha lese fleire ord som eg skjøna, hugsa eg ikkje nokon samanheng, anna enn litt om kunst og nytteverdi.

Ferda gjekk vidare til Lepramuseet, inn i kirka som vart laga til dei sjuke. Dersom kirka blei full, var det dei friske som ikkje kunne komme inn.

Nett etter at vi hadde sitte i ein benkerad frå 1700-talet og meditert og tenkt, og lukta og filosofert, kom ei frå museet og sa det ville vere ein performance i lillesalen:

Utdrag frå ei oppvising om Gunvor Hofmo. Trekkspelmusikk, klarinett og fele og ei Gunvor som fortalde historia si, las opp dikt. Spør: Kvifor skal ikkje eg lide, når så mange andre lir?

Gud, hvis du ennå ser:

det er ingen hverdag mer.

Det er bare stumme skrik,

det er bare sorte lik

Skrive i 1946. 

Godt nøgd, ut i regntung natt att.

Enda opp på den gamle brannstasjonen, til mannssong før ei skål. Etterpå fekk vi høyre siste låta til Løen Storband. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *