Sidan eg aldri fekk dratt på utveksling medan eg studerte, har eg tenkt at – ein eller annan gong – vil eg dra og bo i eit anna land for ein periode. Eg har vel tenkt dette i tre–fire år, og endeleg har eventyret byrja.
I går gjekk vi på flyet i Bergen, mellomlanda på Heathrow og drog vidare til Lisboa. Vi har aldri vore i Portugal tidlegare, og det er alltid spanande å komme til eit nytt land for første gong. Ville vi finne fram til staden der vi skal bu? Ville taxisjåføren ta seg ekstra godt betalt fordi han forstod at vi er her for første gong? Ville staden vi skal bu sjå ut som på bileta?
Eg hugsar stader på korleis dei luktar. Det er noko av det første eg er spent på når eg går av eit fly i eit nytt land. På Heathrow lukta alt som alle andre flyplasser, men då vi gjekk av flyet i Lisboa var det noko nytt, ei søtare, varmare lukt. Og noko er det alltid med dei flyplassene ein kjem til, noko som skil denne frå andre. Det som vi spesielt la merke til, var at det var utroleg langt å gå frå flyet til ankomsthallen. Lange, lange gangar. Men så kom bagasjen raskt og køa til taxiane gjekk raskare enn det såg ut til og brått sat vi i ein taxi, gjennom nattemørke Lisboagater og køyrde nedover, inn i byen, til Graça, Nådens nabolag. Staden vi leiger heiter faktisk «A Casa da Graça» og her var det veldig fint å komme inn. Eit gammalt Lisboahus, med knirkete tregulv og rosettar i taket og verten vår hadde sett fram vin og pastéis de nata til oss.
Klokka var over tolv (over eitt norsk tid), men verten hadde tid til å vise oss rundt og let oss få sjå korleis han sette på gasskomfyren og vi sa ein gong til, redde som vi er, sidan vi aldri har brukt gasskomfyr, og han viste oss ein gong til.
Toppen av kransekaka og prikken over i-en var då han, på veg ut døra, nemnde at han hadde ein norsk favorittforfattar. Kjell Askildsen, sa han. Mellom anna Hundene i Tessaloniki, sa han, og eg fekk gåsehud og sa: Men det er jo ein av mine favorittar òg! Når eg reiser rundt på skulebesøk, nemner eg alltid Kjell Askildsen på spørsmål om favorittforfattar. Novellene hans som lærte meg ein heil del om det å skrive.
Det kunne ikkje vore ein betre start på opphaldet. Eg hadde så mykje gledesenergi at eg ikkje visste kvar eg skulle gjere av meg. V og eg åt pastéis de nata og lytta til fado og sidan klokka nærma seg tre heime, gjekk det visst fint an å sovne etter kvart òg.
No ventar ein ny dag. Første dag i Lisboa. Vi såg ut vindauget og kunne sjå nedover ei gate som berre held fram og held fram. Himmelen er grå, men lufta er mjuk og lun.
1 kommentar