Hekser og magi

image

I går høyrde eg ein interessant samtale om trollkvinner, heksebrenning og magi. Det var Aina Basso og Bente Gullveig Alver som snakka saman, godt leia av Kristina Leganger Iversen. Ein av tinga dei blei einige om var at akademia (i dette høvet historiefeltet) og skjønnlitteraturen har god nytte av kvarandre. Der Basso treng å få informasjon om dei historiske hendingane frå historikarar, kan forteljinga gi større fridom og skildre både menneske og livet på ein meir intim måte enn ein historikar kan. I skjønnlitteraturen kan ein skildre korleis det luktar når eit menneske blir brent på bålet, det er ikkje noko ein historikar skal fundere på. 

Dessutan snakka dei om magien. Hekser og magi har jo dukka opp i mange ulike versjonar og formar, i mange historiske bøker og i mange skjønnlitterære (Harry Potter m.a.). Det som gjer Inn i elden av Aina Basso så fin, og relevant, og annleis enn mange andre av heksebøkene som finst, er det jordnære og historiske som blir skildra i ein nær tone, utan dei unaturleg store orda. Dette i samspel med dei kursive tekstfragmenta i romanen som opnar opp for noko gåtefullt og større. Som Aina sa, så kan vi ikkje forstå alt rundt oss uansett, og det er kanskje difor trua på magien framleis finst.

image

Inn i elden er nominert til Nordisk Råds litteraturpris for barne- og ungdomsbøker. Utdelinga skjer i oktober! Eg kryssar fingrane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *