Forfattarbesøk

Det er svært fint å få møte elevar og snakke om skriving, bøker og fantasi. Eg har vore så heldig å få reise rundt i landet, både med førestillinga Å utforske verda med ord og med skrivekurs. Ønskjer du å få besøk, kan du anten kontakte meg direkte eller ta kontakt via Norsk forfattersentrum.

Å utforske verda med ord

Skrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. Debutboka hennar, Utfor, tar opp mobbing og det å stå utanfor, og kan gi rom for refleksjon og samtale rundt dette temaet. I tillegg snakkar ho om prosessen fram til ferdig bok, korleis ein byggar opp persongalleri og stader, inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.

Skrivekurs

Skriveglede og fantasi er viktige ingrediensar. Med korte og lengre skriveøvingar, vil elevane få bruke fantasien og utforske verda gjennom ord, og få innspel undervegs frå Sunniva. Ved hjelp av bilete og ord er det mange artige skriveøvingar ein kan forsøke seg på, som kan utfordre språket til elevane. Ønsket er at elevane skal sjå mulegheitene som finst, og kunne vere fri frå formelle krav om kva som kan vere og ikkje vere ein tekst. I løpet av kurset vil ein få meir kunnskap om dialog, det å skape personar, skildringar og korleis komme i gang med ein tekst.

Sunniva Relling Berg hadde ein lun og fin kommunikasjon med elevane, og eg opplevde at ho fanga elevane si interesse frå første sekund. Spennande og naturleg formidla ho korleis ho sjølv arbeider medan ho skriv.

Eva, rektor ved Stranda ungdomsskule

Det du forklarte var lett å forstå, og du traff elevane på deira nivå. Det var interessant at du fortalde mykje om korleis du jobba med å bygge opp personane og lage tankekart. […] Vi vil varmt anbefale eit slikt forfattarbesøk!

Unni, kulturkontakt ved Ytre Herøy Ungdomsskule