A reading of “ThoughtsGo” by David Knoebel from Sunniva Berg on Vimeo.
Vi fekk i oppgåve å lage ein video om ein elektronisk tekst. Dette vart resultatet, basert på teksten ThoughtsGo av David Knoebel. I denne teksten blir tankane samanlikna med fuglar, og han utfordrar oss til å tenkje over korleis vi oppfattar og tenkjer.
Fuglar er ein godt brukt metafor i mange dikt, som til dømes i eit av mine yndingslingdikt av Tor Jonsson; Kvite fuglar. Dette diktet skildrar litt av korleis det er å dikte, noko av det sårbare ved det. Det å dikte og leve er tett knytta til kvarandre, og veldig annleis samstundes.
Å dikte er å veraDet vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.
Å leva er å vera
Det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyre fuglar flyge inn
frå ukjend verd