Vi er i Bergen no, og på ein fridag som Kristi Himmelfartsdag, er det fint å gå på tur. Uansett vêr. I Portugal skal nokre av vennane våre møtest på stranda, fordi sommaren har komme. Vi er i slutten av Mai, så sommaren er nok like rundt hjørnet her òg. Men i dag var det heilt andre vêrfenomen enn sol og varme.
Slik som eg fekk lyst til å vere i Portugal då eg såg at dei skulle dra til stranda, er eg sikker på at dei fekk lyst til å komme til Norge, til tåke i fjellheimen, krystall på trea, kjølande regn som pressar seg gjennom kleda og legg seg som eit lett lag over huda … Berre les kor fint Store norske leksikon definerer tåke:
Tåke, en synlig samling små vanndråper eller iskrystaller som svever i luften umiddelbart over bakken.
I prinsippet er tåke det samme som en sky omkring oss. Tåkedråpers tverrmål er omkring 0,01 mm og den samlede vannmengden ca. 0,1 g per m3.
Poetisk, eller kva?




