Ope: 8.00 – 20.00 (laur: 9 – 19, søn: 10 – 20)
Marken 9, 5017 Bergen
Internett: Ja, men litt treigt
Storleik på borda: God, men nokre bord litt ustødige
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Litt kantineaktig, men hyggeleg
Dagens kaffe: 25,- (påfyll 10,-)
Aura er ein veldig triveleg kafé i ein veldig koseleg del av Bergen (Marken). Har vore her fleire gongar, i regn og i sol. Det er eit ope lokale, litt kantineaktig, men hyggeleg. Fin stad for å arbeide, med enkel tilgang til kontakter, og hyggeleg musikk. Dessutan er det gjerne ledige plassar.
Ekspertkommentator J: “Veldig behagelig å jobbe her, behagelig musikk, både lyd og type, litt dyrt kanskje … Lyst og fint”
Musikk spelt i bakgrunnen
Musikk: Babylon – David Gray
Elegi – Lars Winnerbäck
Sunrise – Norah Jones
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=fd02pGJx0s0]
(Dette er tiande kafe i serien Coffices i Bergen)