I går var vi på middag hos våre portugisiske vertar J&S, i Graça, der sola låg varmt på bygningane. Det er ekstra fint å få komme heim til nokon på middag i eit framandt land, og ekstra kjekt er det når det viser seg at vi har mykje til felles. Det viste seg at dei òg liker… Fortsett å lese Litterær middag i nådens nabolag
Kategori: Reisenotat
Sol, vind og latter
Førre veke hadde eg tre venninner på besøk og vi utforska Lisboa og områda rundt. Her følgjer ei oppsummering av kva vi opplevde og såg. Kanskje får du lyst til å ta ein tur til Portugal sjølv? I så fall har du her nokre tips til kva du kan gjere: Grill i monsanto Monsanto, største grøntområdet… Fortsett å lese Sol, vind og latter
Ligge i grøne enger
Det har vore ei hektisk veke full av opplevingar og latter. Det kjem eg tilbake til. Men i dag kunne eg ta det med ro. Eg la meg på ein grasplen og såg opp gjennom trekroner til luftige sukkerspinnskyer. Eg gjekk òg opp på utkikkspunktet i nabolaget, åt grilla kylling og såg på alle som naut solnedgangen.… Fortsett å lese Ligge i grøne enger
Ein av oss er alltid vaken
V har floge av garde til Asia og meir enn før blir eg klar over at vi lever på ein klode som går rundt og lyset følgjer mørket følgjer lyset. V står opp like før eg legg meg og det er rart å legge seg til å sove og vite at han har ein heilt ny… Fortsett å lese Ein av oss er alltid vaken
Passe hipt på LX Factory
Ein liten busstur utanfor sentrum av Lisboa, under den store brua, har eit nedlagt fabrikkområde fått nytt liv. Det har blitt ein kreativ stad, med bokhandel, restaurantar, vintage- og kunstbutikkar . Det er tydelegvis ein stad som mange er innom. Då vi gjekk langs gata og eg sa: Å sjå der og sjå der, sa V: Ja, sett… Fortsett å lese Passe hipt på LX Factory
Bom dia!
Vi har vore på språkkurs! Så no kan vi portugisisk til fingerspissane – det vil sei, eg kan så vidt presentere meg sjølv: Chamo-me Sunniva e sou da Noruega. Eu sou escritora. Eu gosto de tirar fotografias as pessoas. Eu sou um irmão. Chama-se Simon. Rein poesi, er du ikkje einig? Det kan godt vere… Fortsett å lese Bom dia!
Når storbyen blir liten
No har vi vore i Lisboa i over to veker – og det som først var ein omtåkande stor by, har no blitt mindre. Vi har kobla saman gater og slott og haugar. Framleis er det mykje, alt for mykje, å utforske og sjå, men nabolaget vårt kjenst oversiktleg og koseleg, nærast som ein liten… Fortsett å lese Når storbyen blir liten
Helga som flaug avgarde
Når ei grå helg nærmar seg slutten …
… er det fint å gå til eit utkikkspunkt i nabolaget og sjå sola lage kunst av skyene.
Kaldt ute, kaldt inne, kaldt i nesa, kaldt på kinnet
Vi er midt i den portugisiske vinteren. Myndigheitene (eller var det mediene?) gjekk visst ut med varsel om at det kom til å bli kaldt i dag og at svake og eldre ikkje burde gå ut. Ikkje at eg forstår det, for det er vel så kaldt inne. I går var vi på lønningspils med… Fortsett å lese Kaldt ute, kaldt inne, kaldt i nesa, kaldt på kinnet