Blom

Open: 08.30–17.00 (lør&søn: 11.00–17.00)

John Lunds plass 1, Fosswinckelsgate, 5007 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: Ok
Stikkontakter: Nei
Atmosfære: God, men kan vere litt bakgrunnsstøy

image

Utafor snøar det. Ei dame går med lilla paraply. Like innanfor vindauga sit to jentar på kvart sitt bord, og klår på mobiltelefonane sine. Båe har ei bok på bordet, likevel. 

Det er ei roleg atmosfære her, denne formiddagen i februar. Koseleg med rustikke murveggar. Enkel mat som kan etast til frukost og kaffi, kaffi, kaffi – og andre ting. 

Kanskje kjem det ekstra mykje folk hit fordi det ligg så nært SV. Nokon ved sidan av diskuterer, utklipp frå samtalen: 

– Ikkje heilt untreated, men ikkje så treated.
– Prereform quarter.
– Hvordan blir trendene der? Det blir noen alderseffekter.

image

Dagens ekspertkommentator kjem med følgande refleksjonar: 

– Flott interiør, fint lys her, og fine lysestaker som bidrar til dette lyset […] Noen snakker høyt. […] Også er det World Class Coffee her da. […]

Han får påfyll av kaffi: Independencia Salvador og seier, på sin småironiske måte: – “Uavhengighet frelseren” du kan ikke kalle noe det.

Pluss: Koseleg atmosfære og folk. Fine bord, sit ein åleine er det flott, men viss ein skal sitje overfor kvarandre er det litt smale bord. God kaffi, seier dei som kan sånt. Internettilgong. 

Minus: Sidan det er så mange her, kan det bli litt bråkete. Dessutan, når kaffien er ei så sentral greie, blir det ofte lyd frå kaffikvern og kaffimaskin som kan forstyrre og overdøyve musikken. Ikkje tilgang til straum.

image

Konklusjon

Liker Blom svært godt, sjølv om det kan vere litt støy og ikkje stikkontakt.

—-

Etter kvart som vi sit her kjem snøen tettare. 

Han seier: – Det er sånt vær der du bare går ut en liten tur og så har du blitt forkjølt.

Så då er det berre å bli sitjande.  

Musikk spelt i bakgrunnen:

Tycho – Hours

Arabella

Breath – telepopmusikk

Acid  Raindrops – People under the stars

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=IuGO6WHcruU]

(Dette er første kafe i serien Coffices i Bergen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *