Midt mellom buldrande torevêr og regnbyger så insisterande; ein regnboge, eit pustehòl. Varte berre to minutt, men det var eit pustehòl. (Ei våt veke i Bergen)
Hugskot
Tekstlege eventyr
Tekst kan vere eit svært kraftfullt medium og kan produsere oppslukande opplevingar. Dette fekk vi ein fin diskusjon på i e-litteraturforelesing, etter at heimeleksa var å spele MUD. Hans Fredrik Dahl skreiv i Dagbladet at ”Musikk og musikkteknologi spiller større rolle for unge mennesker i dag enn dikt og diktsamlinger, mens visuell kultur vekker dypere… Fortsett å lese Tekstlege eventyr
Kulturnatt i Bergen
I går var eg på kultursafari i ei regntung natt. Nett slik det skal vere, når Bergen er staden. Det var mange opne galleri og museum, det var musikk rundt kvart gatehjørne, skrift over heile Festplassen, dansing på Torgallmenningen. Eit program med mange mulegheiter. Utan ein plan, trakka vi ut under regndropane, vart hanka inn… Fortsett å lese Kulturnatt i Bergen
Absurde idear (data prehistorie)
Prehistoria til datamaskina har sjølvsagt ingen start. Vi står på skuldrane til gigantar. Desse gigantane står på skuldrene til andre gigantar. Og gigantane var vanlege personar, som åt og pusta, nett slik eg og du gjer. Dei utgjorde ein viktig del, sin del, i utviklinga. Vi kan byrje med Demokrit, som funderte på korleis ting… Fortsett å lese Absurde idear (data prehistorie)
Cybertekst før og no
Ei investering av personleg improvisasjon som kan resultere i anten intimitet eller fiasko. Det kan høyrest ut som skildringa av det å bygge relasjonar mellom menneske, men professor Espen Aarseth bruker desse orda til å seie korleis det er å prøve å bli kjend med ein cybertext. Våren 2012 hadde eg mitt første fag om… Fortsett å lese Cybertekst før og no
Språkleg leikeplass
Då eg gjekk på ungdomsskulen og ikkje fann andre som var like litteraturinteresserte som meg, fann eg eit samfunn på dikt.no. Denne nettstaden fungerte som ein skriveverkstad for meg i fleire år. Eg fekk utvikla språket mitt, lærte å få kritikk og forholde meg til ein lesar. I tillegg vart eg kjend med folk, gjerne… Fortsett å lese Språkleg leikeplass
Slik
kan ein òg starte ein blogg.