
Det var heldig at vi tilfeldigvis gjekk over plassen der det stod eit skilt til coworking-staden Oficinas. Vi hadde ikkje funne eit passande, ledig kontorlokale enno, men der låg det like framfor oss. Då vi sjekka ut nettsida deira blei vi betatt. Då vi kom innom for å sjå, blei vi seld.
Bileta yter ikkje staden rett, lyset her er så fint. V og eg har fått oss ein pult i øvste etasje. I taket er det hól som slepp dagslyset inn, og langs veggane er det òg render som slepp lyset inn nedover veggen. Alt er nytt og kvitt og reint, og så finst det mange gamle klenodier på hyllene. Ved sidan av meg no står det … eit filmkamera? Det heiter voigtländer og har ein merkelapp som forklarer korleis legge i film.
Vi deler lokalet med fleire andre, nokre som snakkar fransk, nokre spansk og nokre amerikansk – og portugisisk innimellom. Det er ei god arbeidsatmosfære og i dag er det meldt regn òg, så då er det vel ingen vits i å gjere noko anna.

Eg sit i eit hjørne, med vegg bak meg. Det einaste eg saknar er ein vegg til å henge opp alt eg skal hugse på. Det brukte eg mykje då eg hadde mastersalleseplass. Men det er fint å kunne sjå utover i rommet og ut på bygninga på andre sida av veggen, i staden for inn i ein vegg.

Vi kjende ikkje til området før vi fekk kontorlokale her, men i går gjekk vi på utforsking. Det som overraskar med Lisboa er at det er by overalt. Sentrum verkar så stort, uansett kvar vi går, kjenst det som om vi er i eit slags sentrum.
