Motstand mot og vilje til digital publisering

I masteroppgåva mi ville eg undersøkje korleis norske forfattarar forheld seg til digitale mulegheiter for å distribuere og skape litteratur.

Du kan lese heile oppgåva på Bora sine sider. For ei meir samanfatta framstillinga, kan du lese desse kronikkane/artiklane:

(Illustrasjonane er laga av Vidar Flak)

SAMANDRAG AV OPPGÅVA:

Formålet med denne oppgåva har vore å prøve å forstå korleis eit utval norskspråklege forfattarar sin habitus kjem til uttrykk gjennom meiningar, val og haldningar knytt til bruk av eller fråvere av digital publisering. I ei stadig meir digitalisert verd, risikerer norske forfattarar å miste mange lesarar dersom yngre generasjonar opplever at framandspråklege ebøker er enklare og billigare å skaffe enn norske alternativ. Denne masteroppgåva presenterer ei undersøking basert på kvalitative intervju med atten norske forfattarar. Forfattarane blei intervjua om tankar, val og haldningar knytt til digital publisering av eigne litterære verk. Få undersøkingar har tidlegare gått inn på forfattarane si rolle i den digitale utviklinga, innanfor eit lite språkområde. I denne oppgåva ønskjer eg å vise at forfattarane kan spele ei sentral rolle sidan dei sit på råvarene i den litterære marknaden. Den kvalitative undersøkinga viser at mange av forfattarane sit på gjerdet for å sjå an utviklinga av digital litteratur. Dei overlét mykje til forlaga, og stoler på at forlaget veit best når det kjem til økonomi, marknadsføring og digital utvikling. I intervjua kjem det fram ei romantisert oppfatning av forfattaren, som ein som ikkje er interessert i noko anna enn å skrive best muleg. Måten det litterære feltet er konstruert på, kan avgrense mulegheitene som forfattarane ser. Regimet forfattarane skriv innanfor løftar opp papirboka og det er dette mediet forfattarane først og fremst er interessert i å utforske. Det verkar som om det ligg ei frykt for at papirboka skal forsvinne, som hindrar utforsking av det digitale mediet. Men for at digitale bøker skal bli betre, trengst meir involvering frå forfattarane si side. Det litterære regimet, med sine sosiale konstruksjonar, løftar fram éin type forfattar. Det kan vere krimforfattar, poet, novellist eller romanforfattar, men det er ein forfattar som skriv fysiske bøker. Sjeldnare er det snakk om spelforfattar eller digital forfattar. Regimet gjer at biletet av kva ein forfattar kan vere blir snevra inn, og berre kretsar rundt papirbøker og kjærleiken til dette mediet. Men den digitale teknologien skapar nye mulegheiter. Det finst eit digitalt handlingsrom som det kan vere viktig å ta i bruk ved å eksperimentere med nye digitale former og publiseringsmodellar. Dette kan styrke den norske litteraturen nasjonalt og globalt.