Mot slutten av syttenhundretalet vart det produsert spesialiserte tabellar, som navigasjonstabellar for sjømenn, stjernetabellar for astronomar og livsforsikrings-tabellar for aktuarar.
Tabellane vart produserte av menneskelege datamaskiner (human computers), utan noko mekanisk hjelp. Mange tabellar skulle produserast, og éin feil i ein slik tabell kunne få katastrofale følgjer. Då er det kanskje ikkje så rart at nokon byrja å tenkje på korleis ein kunne forenkle og eliminere feil i tabellaginga. Eit startpunkt for dagens datamaskin.
Charles Babbage (1791-1871) var interessert i tabellproblema. Han kom med ideen til ei differansemaskin, og fekk støtte frå myndigheitene i 1823 for å bygge maskina. Sidan Babbage var den første til å prøve seg på ei slik maskin, var bygginga vanskeleg og ekstremt dyr. Konseptuelt ei enkel maskin, men mekanisk kompleks.
Under bygginga fekk Babbage ein så slåande original idé, at då han sende eit brev for å spørje etter meir pengar, kunne han ikkje la vere å fortelje om denne ideen. Uheldigvis.
Babbage hadde då fått ideen til ein ny type maskin som kunne utføre alle mulege kalkulasjonereit menneske kunne spesifere. Denne ideen fekk myndigheitene til å miste tilliten til prosjektet hans, og han fekk ikkje meir pengar.
Han var djupt interessert i informasjonsprosessering i stor skala heile livet, men då dei verkeleg store informasjonsprosesseringsorganisasjonane kom, rundt 1850 og 1860, var Babbage ein eldre mann som hadde mista all innverknad.
- Folk som tenker stort, møter ofte motstand
- Ingenting er umuleg
- Personen med den originale ideen, er ikkje naudsynt han/ho som tener på ideen sin
Abraham Lincoln skal ha sagt: Det er overraskande kor mykje ein person kan få til viss han ikke bryr seg om kven som skal ha æra.
Det vil alltid vere viktig å arbeide og utvikle dei ideane ein har. Er ideen levedyktig, vil han overleve, sjølv om ein kanskje ikkje lever til å sjå det.
Meir om historia bak datamaskinen, skrive på ein spanande måte; “COMPUTER a history of the information machine” av Martin Campbell-Kelly og William Aspray, 2ed 2004.