Ungdomslitteratur og status

Forfattaren Nina Borge har skrive eit interessant innlegg på instagram, om å sette pris på ungdomslitteratur og eit ønske om at den fekk større plass i samtalen om bøker. Det minte meg på ein kommentar eg fekk like etter at eg hadde debutert som forfattar.

Eg var på eit litterært arrangement og kom i prat med ei som gjekk på Skrivekunstakademiet, og sidan eg hadde gått der eitt år eller to tidlegare, hadde vi mykje å prate om. Eg fortalde at eg hadde gitt ut bok, men då eg sa at det var ei ungdomsbok, kom kommentaren:

– Å, ja …. Det er vel nokon som må gjere det óg.

Eg blei overraska, men eg skulle sjølvsagt skjønt at det å gi ut ungdomsbok ikkje var så veldig mykje verdt. Helst skulle det nok ha vore poesi, den smalaste typen. Til nød ein skjønnlitterær roman, men for all del utan noko plott.

Eg kan ikkje vite om det var dette ho meinte, men det var sånn eg oppfatta det. 😅 Sidan den gong har eg jobba med ungdommar og lesing på @arstadbib, og verkeleg sett og skjønt verdien av å ha god – og variert – litteratur å formidle til dei, og kor fantastisk det er å finne rett bok til rett lesar, og høyre at han som tidlegare ikkje brydde seg om bøker, MÅ lese neste bok i serien.

Difor var det ikkje spesielt vondt då ein av meldarane av mi første «vaksenbok» meinte ho minte for mykje om ungdomslitteratur. Det lever eg godt med! Men det seier noko om haldninga til den litteraturen, viss dét er det viktigaste motargumentet mot ei bok.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *