Forfattarturné på Sunnmøre

Dei neste vekene skal eg farte rundt på Sunnmøre, med min vesle turkamerat, Poloen Pollyanna, og til saman vere innom 21 forskjellige skuler, og møte over 2700 elever i løpet av 11 dagar. 

Wow. 

Det er sprøtt. I dag starta eg på eventyret. Frå strålande solskin i Bergen til like strålande sol i Ålesund. 

image

Koselege Widerøe løfta oss opp, og gjennom lufta med god utsikt til landskapet under. På flyplassen i Ålesund høyrde eg nokre snakke om at dei hadde kjent igjen alle plassane på vegen, heile Sogn og Fjordane. Det hadde ikkje eg sjangs på: Først når kapteinen sa at vi gjekk inn for landing skjønte eg at eg var på Sunnmøre. 

image

Undervegs på turen hadde eg selskap i (den fantastiske teknologien) papirboka, som ikkje trengst å bli skrudd av, verken på opptur eller nedtur. Eg kjende eg var på godt humør, og hadde stor moro av denne spøken (midt i ei fagbok): 

image

Eller kva synest du?

Og så var Vigra inntatt. 

image

Eg skal vere på tur over heile Sunnmøre, og då trengst det meir hestekrefter enn det føttene mine kan komme opp med. No er det på sin plass å introdusere vakre, optimistiske Pollyanna. Leigebilen som møtte meg med det grøne skiltet: “Ready to go”. 

image

Og for all del; Pollyanna er svært grei å ha med å gjere. Men eg sat lenge før eg fann ut korleis eg skulle skru på motoren … Eg trudde eg hadde vridd nøkkelen så langt han skulle, var redd for å knekke nøkkelen (det hadde vore stas å øydelegge noko før eg hadde køyrt ein einaste meter), men til slutt tok eg litt meir i og plutseleg starta ho opp med eit glis. Pollyanna glir glatt og fint på vegen, men har litt færre krefter enn dieselmotorbilen eg er van med å køyre. Det gjekk saktare og saktare opp frå havbotnen i eine tunnelen då eg hadde sett ho i vel høgt gir. 

Dette skal vere livet mitt dei neste vekene: 

image