Dagane flyg i NYC. Frå morgon til kveld er det ting å gjere. Gå over bruer. Sjå i butikkar, loppemarked. Spasere gjennom parkar. Vere på bokslepp på ein uavhengig bokhandel, og vaske klede på det lokale vaskeriet.

Reisenotat

Om å gå på universitetssightseeing

Den siste tida har eg besøkt fleire universitet, m.a. Yale, Harvard og MIT. På Yale var eg turist, såg storøygd på det meste og hadde kameraet i handa. På MIT prøvde eg å gli inn blant elevane. Eg studerte dei og sette ned ei liste over korleis ein kan gli best muleg inn:
– Gå i gangane som om du har gått her mange gongar før. Gjerne subb litt, ha vannflaska hengande frå handa og tast på mobilen samstundes.
– Gå med laptopen i hendene, auga halvt lukka, med ei mine som om du verkeleg ikkje orkar å gå lenger.
– Gå målretta.
– Gå med kaffi / brusflaske / eit par skøyter hengande frå arma
– Snakk med tilfeldig forbipasserande om ein e-post du må sende
– Gå og gestikulér, ver svært opptatt av ein diskusjon, gjerne ikledd dress
– Gå i joggebukse, sommarsko, medan du blar gjennom dei lause arka du har i hendene
– Viss du føler du ta bilete, ta dei in-action medan du går i gangane, så ingen ser at det er det du gjør (det er ein viss fare for at bileta blir dårlege, uskarpe og med fingrar framfor)
– Smil til kjærasten medan du skriv i notisboka di.

På Harvard var dørene stengde, og vi kom ikkje inn nokon plass. Snøen dreiv mellom bygningane, og det var heller utriveleg. Bygningane ruva nærast skulande over oss, og det verka riktig at dette er ein av dei vanskelegaste skulane å komme inn på.

KUNNSKAPEN III
Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT.
Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.

KUNNSKAPEN II
Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.

BOSTON TIL FOTS
Går heile dagar. Korsryggar verkar. Snøen driv gjennom lufta, men av og til splittar sola skyene og målar raudne i kinna våre. Då kan fotoapparatet tas fram (eller mobiltelefonen som det no har blitt). Smale gater. Opne parkar. Allégater og handlegater. Gater med engelsk preg. Industriområde. Gedigne bensinstasjonskilt, større enn hus. Hyggeleg innfødt, i tweeddress og hatt, tversoversløyfe og krusa Willy Wonka-hår, krysser over gata mot turistane med kart i hendene og har god tid til å fortelje oss om byen sin.

KOLLEKTIVT

Frå Fairfield til New Haven, så vidare til Boston. Ei rutetavle som brettar seg fram til rette tider, spor og stader. Sol inn bussruta, kokande kinn. Kø av trailere på motorvegen.

Reiseskriving

image

Reising og skriving. Mange forfattarar reiser og mange har skrive om det. I haust leste eg Rønnaug Kleiva si ARMENIA ALBANIA ARGENTINA. Ei fin og spanande bok, om ei kvinne som reiser åleine. Eg blei inspirert. Det høyrest forlokkande ut, men eg er glad eg denne gongen skal dra saman med nokon, og har ein å dele turen med. 

I morgon tidleg flyg eg avgarde. Eg er ikkje heilt viss på kva eg skal til – og det er vel sikkert litt av poenget. Eg skal av garde

New York. Ein liten tur innom Fairfield og Boston først, så Brooklyn.

Eg fekk det for meg at eg kunne skrive reisenotatar her på bloggen. Finn ein inspirasjon på reise, eller er det mest berre stress? Finn ein andre ting på reise? Vil ein reiseblogg vere morsom å skrive? Kvifor ikkje prøve, tenkte eg. Så eg skal prøve. Og sjå kva som skjer. 

Dette er reisenotat #1.