Tilbake til ungdomsskulen

På fredag var eg tilbake på min gamle ungdomsskule. Mange gongar har eg gått gjennom desse gangane, stressa eller nysgjerrig skrivande i notatboka mi. Smådeppa eller småforelska. Som regel den som ikkje stakk seg fram og som var stille i timane. 

Sidan det var nydeleg flott vêr, gjekk eg til skulen. Litt tidleg ute, så eg fann ein knaus å klatre opp på. Eg forstår at det er bloggar om klede etc som gjer det stort her i verda, så her er eit bilete av dagens outfit. Tatt frå ein svært gunstig vinkel.

image

Inne i gymsalen, som ser mindre ut enn eg hugsar, står stolane på rekke. Alt er gjort klart.

Etter kvart kjem elevane og fyller rommet med liv.

image

Det var kjekt å møte elevane, og kunne fortelje frå då eg sjølv gjekk på skulen og såg med nysgjerrige auge på alt rundt meg. Elevane var entusiastiske og lyttande, og etter den første presentasjonen fekk eg ein av dei største klappeseansene eg har hatt. Dei hjelpte meg òg til å forstå at Facebook (og Facebook-page) er litt for gammaldags. Dei var meir interesserte i vite Instagram-namnet mitt. 

No har eg brukt helga til å skrive master, og planlegge neste veke. Då blir det lengre strekk i bil, og nye stader å bu nærast kvar kveld. Allereie i dag startar eg på turen sørover, og det kunne ikkje vore betre vêr her på Sunnmøre. 

image

image

Forfattarturné på Sunnmøre

Dei neste vekene skal eg farte rundt på Sunnmøre, med min vesle turkamerat, Poloen Pollyanna, og til saman vere innom 21 forskjellige skuler, og møte over 2700 elever i løpet av 11 dagar. 

Wow. 

Det er sprøtt. I dag starta eg på eventyret. Frå strålande solskin i Bergen til like strålande sol i Ålesund. 

image

Koselege Widerøe løfta oss opp, og gjennom lufta med god utsikt til landskapet under. På flyplassen i Ålesund høyrde eg nokre snakke om at dei hadde kjent igjen alle plassane på vegen, heile Sogn og Fjordane. Det hadde ikkje eg sjangs på: Først når kapteinen sa at vi gjekk inn for landing skjønte eg at eg var på Sunnmøre. 

image

Undervegs på turen hadde eg selskap i (den fantastiske teknologien) papirboka, som ikkje trengst å bli skrudd av, verken på opptur eller nedtur. Eg kjende eg var på godt humør, og hadde stor moro av denne spøken (midt i ei fagbok): 

image

Eller kva synest du?

Og så var Vigra inntatt. 

image

Eg skal vere på tur over heile Sunnmøre, og då trengst det meir hestekrefter enn det føttene mine kan komme opp med. No er det på sin plass å introdusere vakre, optimistiske Pollyanna. Leigebilen som møtte meg med det grøne skiltet: “Ready to go”. 

image

Og for all del; Pollyanna er svært grei å ha med å gjere. Men eg sat lenge før eg fann ut korleis eg skulle skru på motoren … Eg trudde eg hadde vridd nøkkelen så langt han skulle, var redd for å knekke nøkkelen (det hadde vore stas å øydelegge noko før eg hadde køyrt ein einaste meter), men til slutt tok eg litt meir i og plutseleg starta ho opp med eit glis. Pollyanna glir glatt og fint på vegen, men har litt færre krefter enn dieselmotorbilen eg er van med å køyre. Det gjekk saktare og saktare opp frå havbotnen i eine tunnelen då eg hadde sett ho i vel høgt gir. 

Dette skal vere livet mitt dei neste vekene: 

image