KUNNSKAPEN
Bibliotek på Yale. Til forveksling lik ei kirke. Store boger, glasmaleri. Trur eg skimtar Shakespeare på eit av vindauga. Over ein av bogene står det:

If I must be a prisoner
I would desire to have
no other prison
than that Library

Dersom ein er fengsla i eit bibliotek, har i alle fall tanken mange fluktmulegheiter. I kvar bok kan ei ny verd ligge.

Er poesi programmering?

Kan html-kode vere poesi?

Bak kvar einaste nettside er det tekst: kodar som bestemmer korleis sida skal sjå ut. Det er datamaskina som les denne teksten, tolkar han og viser han fram. Samstundes er det tydeleg at kodane er laga for menneske. Sjølv ein ikkje-programmerar som meg sjølv kan gå inn i kjeldekoda og lese ord eg forstår: head, body, height, width.

image

Notes on the Voyage of Owl and Girl av J. R. Carpenter skapast ulike versjonar av historia om ugla og jenta som drar over sjøen. Jenta kjem med sine observasjonar og ugla har kloke ord. Ved å sjå på koden, kan ein sjå korleis historia er bygd opp, nærast som ei adjektivhistorie: 

‘An owl and a girl most #{studious} #{setsail} in a #{green}green #{boat}; a #{seaworthy} #{boat},

Her er det fem ulike variablar (studious, setsail, green, boat og seaworthy). T.d. kan grønfargen på båten vere i ti ulike nyansar: bottle-, beetle-, grass-, lima-bean-, pea-, sea-, sea-foam-, thalo-, jelly-, grey-.

For å tolke dette verket kan det vere vel så viktig å sjå på koden som sjølve teksten for å få eit bilete av kva verk dette eigentleg er. Eit meir tidkrevande arbeid for å finne systemet ville vere å lese gjennom hundre ulike variasjonar, for å peike på kva ord som er statiske og kva som blir endra frå gong til gong. 

Frequency er eit verk laga av Scott Rettberg og the machine. Ved å bruke dei 200 mest brukte engelske orda lagde han 2000 linjer som grunnlaget for ein diktgenerator. På denne måten utforskar han sitt eige språk, og skaper mange ulike typar dikt.

Eit Terza Rima er SEE A WAY OUT:

mother should know

number one came down to look for you

good way to go

as I turn away from you

on her need would he try his kind hand

like I was in you

place the letter in my hand

America came and took your mother away

from our home to your land

day that she went away

say that you need me

have you had your say

Rettberg brukar programmering for å setje orda saman til dikt. Er det så annleis når Shakespeare, utan bruk av datamaskin, skriv sine sonnetter? Her er reglane strenge for korleis rimestrukturen skal vere, og det skal skje eit meiningsskifte i 9. vers, og ei vending i dei to siste versa. 

My mistress’ eyes are nothing like the sun;
Coral is far more red than her lips’ red;
If snow be white, why then her breasts are dun;
If hairs be wires, black wires grow on her head.
I have seen roses damask’d, red and white,
But no such roses see I in her cheeks;
And in some perfumes is there more delight
Than in the breath that from my mistress reeks.
I love to hear her speak, yet well I know
That music hath a far more pleasing sound;
I grant I never saw a goddess go;
My mistress, when she walks, treads on the ground:
   And yet, by heaven, I think my love as rare
   As any she belied with false compare.

Ut frå desse eksempla vil nokre sikkert meine at jo, det er heilt tydelege forskjellar. Det eine er forfatta av eit menneske (Shakespeare), det andre er sett saman av ei datamaskin. Men Rettberg har skrive koden til alle dikta, han har med vilje og intensjon tatt kunstneriske val som vil ha sitt å seie for meiningsinnhaldet i teksten. Då er kanskje koden og systemet bak ein like stor del av Frequency-dikta hans, som sjølve teksten som blir vist fram. 

Absurde idear (data prehistorie)

Prehistoria til datamaskina har sjølvsagt ingen start. Vi står på skuldrane til gigantar. Desse gigantane står på skuldrene til andre gigantar. Og gigantane var vanlege personar, som åt og pusta, nett slik eg og du gjer. Dei utgjorde ein viktig del, sin del, i utviklinga.

Vi kan byrje med Demokrit, som funderte på korleis ting kunne delast opp. Finst det noko som er udeleleg (atomos)? Eller kva med Descarte som byrja å utvikle tankane slik at vi no kan snakke om kunstig intelligens? Eller innføringa av “0” i Europa? Dette talet for ingenting, talet for det som ikkje eksisterer. Leibniz bygde på kunnskapane til menneska før han, og viste fram det binære talsystemet 0-1. Lat oss starte her.

Dette talsystemet strekkjer ei line til England og Shakespeare. Der Leibniz i Tyskland kunne stille spørsmålet: Finst det (1) eller finst det ikkje (0)? Spurte shakespeare “Å vere eller ikkje vere”. Ein og null, på og av, sant og usant. Å vere og å ikkje vere. Slik kan ein seie at:

Du vil aldri møte ei meir filosofisk maskin enn datamaskina.

Men Leibniz (1646-1716) var heller ikkje den første som kom fram til det binære systemet. Før han, fanst Thomas Hariot (1560-1621), som ikkje berre skildra to-talssystemet, men òg tre-talssystemet, fire-talssystemet etc. Likevel var det ein absurd idé Leibniz hadde, då han tenkte at ved å bruke dette to-talssystemet kunne han designe kalkulatormaskiner av uendeleg storleik.

På ein måte kan ein seie at menneska tilpasser seg teknologien, fordi dei bygger på den teknologien som allereie finst, og utviklar denne. Ville det vore muleg å gå tilbake til “start”, ta bort den kunnskapen vi har no og velje ein annan veg? Det er merkeleg at fleire nyvinningar i teknologihistoria har skjedd nokså samtidig, men har blitt utvikla av menneske som ikkje har hatt kontakt med kvarandre, og budd i ulike land. Betyr dette at utviklinga ikkje kunne ha vore nokon annan?

Er teknologien eit produkt, eller er vi på veg til å bli eit produkt av teknologien? På facebook er det ikkje vi som er kunden, vi er produktet.