Røroseventyr

Etter berre eit knapt døgn på Røros, har eg blitt småforelska i staden. Det har vore sol og kneistrande kvit snø. Hotellet vi låg på hadde fyr i peisen, og nokre gjestar som spelte brettspel i fellesområdet.
Overalt kvar eg gjekk, var husa små og søte og sparkane stod klare utanfor.
Då vi besøkte Røros skule i dag, skein sola over plassen. Syklar (kanskje med piggdekk?) stod ved sidan av sparkar, i den kvite snøen. Eit nytt bygg og eit gammalt, vi kunne sjå over til det gamle bygget og der stod eit skjelett – eit sånt fint og gammalt eitt.
Elevane på skrivekurset var engasjerte. Nokre drøfta klimaspørsmål, andre skildra korleis det kan vere for ein gut å lengte etter å ta på seg ein raud kjole. Dei drog historier ut av bileta eg hadde med, og skrivespurta seg til gode tekstbitar.
Etterpå vende bokbussen tilbake mot Trondheim, og sleppte meg av på Støren. Etter at sola var gått ned, noko som jo ikkje er så seint, gjekk eg gjennom sentrum, og blei overraska over den korte avstanden. Men dei hadde heile to pizzeriaer like ved kvarandre. Det kjenst alltid rart å vere heilt åleine på restaurant, spesielt når det er få andre der. Difor valde eg den mest folksomme av dei to (to par) og sette meg.
Eg såg ut på den svarte asfalten. Snøen var berre som eit gjennomskinleg slør over han. Alt verkar så mykje svartare med ein gong snøen forsvinn. Vintermagien frå Røros blei att på Røros. Men eg gler meg til å sjå Støren i morgonlyset. Kanskje blir opplevinga ei heilt anna då.

Klums i storby

Åleine i Oslo. Til tider verkar alt litt for kult for meg. 

Før klokka åtte på morgonen blir eg sjekka opp på Oslo Sentralstasjon av ein mann i tjueåra som fortel at han skal på workshop i dag og viser meg arket der workshopen står skildra, for unge entreprenørar frå Afrika. Han kjøper to flaskar cola, og gir den eine til meg. Eg prøvar å verke veldig opptatt av å få lest meir i boka mi. Etter at han har gått med eit håndtrykk og “See you”, traskar eg av garde med ein brus eg ikkje likar, og spør ein random framand (med sekk på ryggen) om han liker cola – han verkar svært utilpass med at eg kan spørje om noko sånt, og eg finn ut at det ikkje er vits å prøve å forklare kvifor eg plutseleg har ei flaske cola til overs. 

I staden tar eg turen ut frå Oslo S, med trillekofferten durande over brosteinen og ein blå sekk på ryggen. Vel inne på ein kafé klarer eg berre å drikke ein halv mocca (i løpet av tre timar), men får jobba desto meir. For å gå inn på toalettet må eg ta med meg sekken (og set att trillekofferten som berre inneheld klede), men det viser seg etterpå at eg like så godt la lommeboka fullt synleg oppå kåpa mi. Den eldre dama som sit ved sidan av, seier at eg skal vere veldig glad for at det var ho og ikkje nokon annan som sat der og såg lommeboka mi. “Du kan ikke gjøre sånt,” seier ho og det er eg sjølvsagt heilt einig i. 

På veg til ny kafé (og nytt møte), set eg meg på ein kald betongstol framfor ein modernistisk skulptur, og et nista eg lagde meg i går.

Framme med kafeen Fuglen kjem eg litt utilpass og klumsete inn døra, køyrer trillekofferten framfor meg og klarer faktisk å ikkje velte noko med sekken min, endå kor smalt det er. Ingen ledige bord, sjølvsagt. Så eg flyktar inn i mobilen (har ikkje sjangs til å komme meg ut att no, med alt pikkpakkeriet), og ventar til eg kan setje meg på ein høg barkrakk ved vindaugsrekka. 

Når eg kjøpar grøn te får eg ei flott kanne med brikke under + kopp med tefat, som jo er rein luksus, men òg eit problem i forhold til korleis det skal bærast til plassen min som er på andre sida av den trange tarmen (og framleis har eg den halvmetertykke sekken på ryggen, for den kan eg jo ikkje berre legge frå meg). På eit vis går det seg til. Ingen blir skadd. 

image

Men så endrar dagen seg, for det er fint å sitje på barkrakken og sjå ut på gata, drikke te frå eigen kanne og etter kvart kjem forfattaren som eg skal intervjue i høve masteroppgåva mi, og då stig stemninga fleire hakk. 

What to do in VFK

Dette året har eg ikkje berre vore i NYC, eg har òg besøkt Mulighetenes fylke – ein betre stad å bu; Vestfold. 

image

Kva skal ein gjere i eit fylke med så mange mulegheiter? Det er vanskeleg å velje ut akkurat kva, men her er nokre tips:

– Gå rundt Tusenårseika på Prestegarden i Våle. Eg veit ikkje om eika er tusen år. Men det er ei eik, og ho er stor og gammal. 

– Kruse langs Bispeveien med høg musikk på anlegget, gjerne med eit litt slitent aircondition-anlegg, så du verkeleg kjenner sommersola som eit sveitt lag på huda. (Musikkforslag: Vestfold – Original Mix eller The Road av Alva Leigh)

– Gå inn i ein tilfeldig skog, komme over eit roleg rådyr som står og et, følg etter dyret, mjuk og lett på foten, over kvistar og kratt, på vakt, inn i villniset og buskaset. Komme ut der sola set kornåkaren i brann, sitrande gull, i solnedgangen, som klipt frå ein film (gjerne amerikansk eller kanskje betre; fransk)

– Lukte på ei stavkirke i Andebu

image

– Sjekk ut Revetal (eller RævataL (tjukk L) som dei innfødde seier), handelsmetropolen, der ordspelet med å setje RE først i eitt ord, aldri blir oppbrukt (REstaurant, HengeRE, BarnekoREt etc) (Til dei uinnvidde: RE er sjølve kommunenamnet her)

– Køyr inn grusvegen til ein tilfeldig gard og hels på ein hest, bli møtt av ein jovial og triveleg vestfolding som rett ut spør om du vil låne hesten. Det må du berre gjere. 

– Bad i Langevann, gjerne på natta, gjerne fordi du søv i eit telt ved vasskanten, vaknar med sola, joggar på skogsstiane og rett ut i eit morgonbad etterpå. 

– Dra til Verdas ende, finn eit varmt berg og sleik sol. 

– Gå på Borrehauane ein kveld der sola sprikar mellom alle trea, og dei store, gamle haugane verkar uverkelege, overnaturlege.

image

– Sjølvsagt er det òg fint å sjekke ut Slottsfjell i Tønsberg, Tursti på Hvasser, badestrand i Holmestrand og den flotte stemninga og bygningane på Karl Johans vern. 

– Til slutt, LYDKANONEN i Horten, Batteri Sonique som skyter det som skal vere fredsstimulerande musikk. Ein hyggeleg type krigføring; for å få fiendtlege ubåtar til å bryte av angrepa sine og stige opp til vassoverflata. 

Hadde ikkje det vore fint, om musikk kunne spidde all usemje, å få folk til å smile, danse og le i staden?

image

Dresden. Gylne kuplar. Varme kveldar. Det er ikkje så verst å bruke tid på sommarskule og konferanse, når kveldane kan bli brukt til å utforske denne vakre staden.

Ulukkesfugl på tur

Kjenner du til songen Den uheldige mannen? Pappa song ofte denne då eg var lita, og eg blei så lei meg kvar gong, men glad til slutt – for det gjekk jo bra til slutt, og det var jo litt moro undervegs óg.

I dag føler eg at eg har hatt ein dag som den uheldige mannen hadde mange av.

Det heile starta etter to timars søvn (ut i dei lange nattetider hadde eg vore i eit flott bryllup), då eg måtte stå opp klokka seks for å rekke ein taxi til ein busstasjon i Arendal. Taxien var forseinka, men heldigvis hadde eg rekna god tid. Eg kom meg på bussen og skjønte første blemme: eg hadde gløymt jakka mi. Det er så fint vêr på Sørlandet at det blir lett å gjere slikt. Berre sjå utsikta frå kvelden før:

image

Etter fire timars busstur, skunda eg meg frå busstasjonen til Oslo S, kjøpte raskt billett og sprang til flytoget – like før eg gjekk på innsåg eg at eg hadde gløymt billetten i automaten. Sprang tilbake, fann heldigvis billetten, måtte vente på neste tog.

Bagasjen min sette eg like godt igjen på flytoget.

Tok rulletrappa oppover, skulle sjekke inn bagasje: HJELPE MEG! Kvar er bagasjen? Spurta nedover trappene att, gjennom dei TO svingete dørene (kvifor er det to svingete dører der?), prøvde å få kontakt med menneske på andre sida av gjerdet. Eg såg nok ganske vill ut i blikket. Heldigvis kom ein svensk konduktør mot meg, rista på hovudet og lurte på kvifor ei jente set igjen bagasjen sin på toget? (det kan ein alltids spørje seg om)

Hastverk gjennom sikkerheitskontroll. Flyet var sjølvsagt forseinka. Og det hadde ikkje vore så gale, om eg ikkje skulle ta fly vidare frå Frankfurt saman med fleire andre frå Bergen.

På Europas største flyplass spurta eg frå flyplassbussen (for flyet måtte sjølvsagt parkere langt unna terminalane), inn i terminal A, gjennom heile denne, opp mange trappar og ned nesten like mange, og inn i terminal B, heilt til eg kom fram til mine folk frå Bergen. Dette flyet var òg forseinka, puste ut.

Idet eg skal gå ombord finn eg ikkje boardingkortet. Gjettar på at eg har mista det under all løpinga. Eg klarer meg likevel. Det einaste er at eg har mista bagasjelappen som var klistra på billetten. Men eg tenkjer, eg kan jo ikkje miste bagasjen i dag, det ville vore for dumt:

Meir no og dette blir ein klisjé.

Ikkje får vi landa på flyplassen, ein thunderstorm hindrar oss. Vi må sirkle rundt og rundt og rundt igjen, medan vi ventar på å få komme ned. Når vi endeleg gjer det, er vi svoltne og slitne (– og eg er rimeleg trøytt).

Du kan kanskje gjette deg til fortsetjinga?

Jaudå. Bagasjen min kjem ikkje. Eg ventar og ventar. Den eine gongen eg ikkje har bagasjelapp. Den dagen då alt går galt. Sjølvsagt skal ikkje bagasjen min komme fram.

Ein snill forelesar står lenge i kø for meg for å snakke med flyplasspersonell, medan eg ser etter bagasjen. Hell i uhell: eg finn bagasjelappen og får eit survivalkit frå flyplassen for dei neste 24 timane. Grunna alle forseinkingane kjem kanskje bagasjen min med eit seinare fly.

image

Ingen er skada. Eg er vel framme i ein nydeleg by. Dresden. Vi får ete god mat. Eg har eit kit frå flyplassen. Spesielt den rosa neglefila set eg pris på. Eg får kanskje ikkje så mange litterære reiseopplevingar, ref tidlegare bloggpost om Reiseskriving, men opplevingar er det i alle fall.

APROPOS: Bagasjen kom til hotellet på kvelden. Flyplassen sa nokon skulle komme mellom halv tolv og tolv. Klokka var nærare eitt på natta då dei kom — eg var stuptrøytt, men glad for å endeleg vere ordentleg på plass.

Dagane flyg i NYC. Frå morgon til kveld er det ting å gjere. Gå over bruer. Sjå i butikkar, loppemarked. Spasere gjennom parkar. Vere på bokslepp på ein uavhengig bokhandel, og vaske klede på det lokale vaskeriet.

Reisenotat

Om å gå på universitetssightseeing

Den siste tida har eg besøkt fleire universitet, m.a. Yale, Harvard og MIT. På Yale var eg turist, såg storøygd på det meste og hadde kameraet i handa. På MIT prøvde eg å gli inn blant elevane. Eg studerte dei og sette ned ei liste over korleis ein kan gli best muleg inn:
– Gå i gangane som om du har gått her mange gongar før. Gjerne subb litt, ha vannflaska hengande frå handa og tast på mobilen samstundes.
– Gå med laptopen i hendene, auga halvt lukka, med ei mine som om du verkeleg ikkje orkar å gå lenger.
– Gå målretta.
– Gå med kaffi / brusflaske / eit par skøyter hengande frå arma
– Snakk med tilfeldig forbipasserande om ein e-post du må sende
– Gå og gestikulér, ver svært opptatt av ein diskusjon, gjerne ikledd dress
– Gå i joggebukse, sommarsko, medan du blar gjennom dei lause arka du har i hendene
– Viss du føler du ta bilete, ta dei in-action medan du går i gangane, så ingen ser at det er det du gjør (det er ein viss fare for at bileta blir dårlege, uskarpe og med fingrar framfor)
– Smil til kjærasten medan du skriv i notisboka di.

På Harvard var dørene stengde, og vi kom ikkje inn nokon plass. Snøen dreiv mellom bygningane, og det var heller utriveleg. Bygningane ruva nærast skulande over oss, og det verka riktig at dette er ein av dei vanskelegaste skulane å komme inn på.

KUNNSKAPEN III
Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT.
Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.

KUNNSKAPEN II
Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.