Bom dia!

Vi har vore på språkkurs!

Så no kan vi portugisisk til fingerspissane – det vil sei, eg kan så vidt presentere meg sjølv:

Chamo-me Sunniva e sou da Noruega. Eu sou escritora. Eu gosto de tirar fotografias as pessoas. Eu sou um irmão. Chama-se Simon. 

Rein poesi, er du ikkje einig?

Det kan godt vere vi er her for kort til å kunne forstå så mykje, men det er gøy å prøve å lære eit språk – god hjernegymnastikk er det òg. I tillegg kjenner vi att ein god del frå både spansk og fransk, så vi lærer meir av dei andre latinske språka samstundes.

Vi blir eksponert for mykje portugisisk, men nett no verkar det heilt umuleg å komme til eit punkt der vi kan forstå nok til å få med oss kva som blir sagt. Dei snakkar så raskt og dei sløyfar mange av vokalane innimellom.

Eg trur det er sunt  å vere i eit land der eg er så totalt avhengig av hjelp til å forstå kva som blir sagt. Ei lekse i audmjuke og det å tørre å ikkje vere flink, å bli som eit barn når ein skal seie noko.

Det er gøy når kelnaren på restauranten oppdagar at vi gjer våre portugisisk-lekser og han  seier at han berre skal snakke portugisisk med oss frå no av. Obrigada!