Av og til saknar eg Bo

I løpet av to år, medan eg skreiv Beina i gitaren, blei eg godt kjend med hovudkarakteren Bo. No når eg ikkje skriv om ho lenger, kjenner eg av og til eit lite sakn etter ho. Det merka eg i dag då eg høyrde på songen “Händerna mot himlen” som eg følte minte meg om nokon – og så kom eg på at det var Bo han minte meg om. Eg lurer på kva ho gjer no, tenkjer eigentleg at ho smiler og ler litt meir, har blitt eldre, tryggare, men kanskje likevel rarare. På den bra måten. 

Ho er ein fin person, sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å oppdage det. Kanskje er det litt rart at eg tenkjer om ho slik, som om ho skulle vere noko meir enn mitt eige fantasifoster. Men samstundes så føler eg jo at ho er meir, ho har fått si eiga bok, eg har vore saman med ho i to år, og no får ho liv i andre sine tankar, slik som hos lærarstudentane i Volda som har hatt Beina i gitaren på pensum. Dei diskuterte ivrig personane i boka.

Det var spesielt då min far fortalde at han, ei stund etter at han hadde lese boka mi, høyrde på “Kanskje du behøver noen” av CC Cowboys og tenkte at det var nokon han gjerne skulle ha tipsa om songen. Så kom han på at det ikkje var ein “ekte” person han tenkte på, det var Bo. 

Kanskje vil du bli betre kjend med Bo? Treng du lesestoff i jula t.d. eller vil du gi ei bok i julegåve? Beina i gitaren er i alle fall å få tak i, i ein bokhandel nær deg eller hos haugenbok.no eller ebok.no.

Kanskje har du karakterer eller bøker som du har knytta songar til?  

På fredag spelte Jens Lekman på Hulen i Bergen, oppvarma av House By The Lake. Varmt og smittande glede frå musikarane. Intimt og nært. Lekman innleia songane med fascinerande anekdoter, og sprang ned frå scena for å klemme ein i publikum som tydelegvis hadde flydd halve jorda rundt for å komme på konserten. God oppleving: og versego’, musikktips til deg som ikkje har høyrt om desse før. 

DKS Skuleturné #5: Skrivemusikk

På Breimyra skole opplevde eg å bli klappa for før eg hadde starta. Elevane var lyttande og engasjerte. Mellom anna blei eg spurt om eg såg hotel cæsar og om eg liker Justin Bieber. Han er ikkje nokon eg har høyrt veldig mykje på, men nokså ofte dukkar han opp på radioen og då er det jo ikkje slik at eg skrur ned lyden. Det har vel hendt at eg heller skrudde litt opp. 

Men når eg skal skrive er det ikkje hjelp i baby, baby eller you’re beautiful, beautiful. Eg har ei eiga skriveliste. Der er det mykje roleg musikk og ein del sørgmodige/vemodige songar som Depth Over Distance og What He Wrote

Dette var siste dagen av denne turneen. Det passa nok bra, for det verkar som eg blir yngre for kvart besøk eg er på. I dag trudde elevane at eg ikkje kunne vere eldre enn atten år, i går var det tjue og eg starta som tjuefireåring. 

Lyd og stille

Immanuel Kant skal ha sagt:

”There are two things that don’t have to mean anything in order to give us very deep pleasure; one is music and the other is laughter.”

 Under dagens førelesing snakka vi om at det finst ein flott poetisk tradisjon på ”jibberish”. Når ein skriv tulleord kan fokuset vere på andre ting enn meining, som lyd, rytme og formasjonar.

– Det er muleg å lage musikk utan instrument, seier læraren og får ein student til å rytmisk dunke paraplyen sin mot stolen framfor. Sjølv trommar læraren på kateteret med hender og olboger. Ein annan student byrjar å knipse.

Det er muleg å lage musikk med alle ting, også bokstavar og ord som ikkje naudsynt har ei meining. Eit døme er dikt frå samlinga til Vemund Solheim Ådlands Profylaktisk skjønnhet:

Det stil. Stal. Se klo.

Pinn pal. Ro. E – o.

Ni. Es. Spill. Ri tirr

sels gli stirr. Dels

øye. Pi li. Vi li. O

Bergen bibliotek har skrive om kva lydpoesi er. Eg har ikkje lest mykje av denne typen poesi, men eg synest det er ei interessant utforsking.

Det er muleg å lage musikk med alle ting. Òg med stille, for musikk består også av stille. Eg vart kjend med John Cage sitt 4’33”-verk via eit dikt av Solveig Tjeltveit. Diktet er publisert i Idealkadaver:

han har ingenting å seia, men seier det likevel, seier han,

det er det som er poesi, seier han, leitar etter det irrelevante

finn det aldri, I have nothing to say


Folk ventar noko av musikken. Dei seier til Cage: det er berre lydar. Ja, blir det då ikkje brukbart til noko?

Han føretrekk stille. Beethoven vil alltid høyrest ut som Beethoven. Trafikkstøyen er alltid skiftande og ulik.