Spontaneventyr til Ølen

image

Det er eksamensperiode.

Det er mastergrad.

Og så er det denne draumen eg ber på – om ein dag å kunne leve som forfattar.

Spontant fekk eg spørsmål om å vikariere på eit oppdrag om dialekt og nynorsk i Ølen. Telefonen kom i titida og klokka tre, fem timar seinare, var sekken pakka og eg på veg på min vesle forfattarturné i grenselandet mellom Hordaland og Rogaland. Eg sette meg fremst på Flaggruten og lesesalen forsvann bak meg. Samvitet snakka om eksamensfristar, men dette var ein mulegheit eg ikkje ville la gå frå meg. 

Båten svevde over havet, verda var femti nyansar av blått og neste dag vakna eg med nydeleg utsikt over Ølen. Lesesalen kunne berre ha det så godt. 

image

imageimage

Saman med Tom Roger Aadland (artist) og Sigmund Hansen (journalist), vitja eg to vidaregåande skular i Vindafjord. Vi snakka om nynorsk og dialekt. Det var stas å høyre på Tom Roger spele og synge. Sigmund leia samtalen på ein meistarleg måte med gode historier frå eige liv som både dialekt-, nynorsk- og bokmålsbrukar. Kvelden enda storvegs på Vindafjord bibliotek, med eit lyttande og engasjert publikum. 

imageimage

Utan mykje tid til å puste, måtte eg av garde til neste oppdrag, denne gongen Stord. Etter endt lesing, bar det ut i bil og seinare buss som tok meg til Leirvik. 

imageimage

Falturiltu er ein nynorsk barnebokfestival på Stord. Frå 3. – 8. November reiste forfattarar rundt på skular og så var det opplegg på kvelden. Eg fekk sett meg rundt på Stord, både Leirvik og Fitjar og mykje imellom. På eine ungdomsskulen fekk eg snakke framfor 90 elevar, som fylte opp auditoriumet på biletet over. 

Glad og mett på opplevingar sette eg meg på bussen heimover. I løpet av dagen hadde det både regna, hagla og vore opplett. Ein skikkeleg vestlandstur. 

imageimage

Æ Å Trondheim

image

Det er fint å kunne samlast for å snakke om litteratur. I helga var eg så heldig å få vere med på Æ Å Trondheim litteraturfestival. Torsdag til søndag var fulle og fine dagar med mykje snakk og mykje god litteratur. Festivaldagane enda med kaffi og opplesning i hagen til Adrianstua, med tidvis sol og blå himmel.

image

Folk trekte inn i hagen, og stod eller sat på graset og følgde med. Mellom anna på Siw-Anita Kirketeig, lyrikkdebutanten som blei feira av festivalen. Tekstane frå Alt kjød er grønt gras gjorde seg godt, opplesen på ein graskledd bakke ute under open himmel.

image

Eg fekk òg gleda av å tre ut på gras-scena og lese opp frå starten av Beina i gitaren. No er boka i trykken og eg ventar spent på at eg skal kunne lese frå ei faktisk fysisk bok, og ikkje berre utskrifter på tynne ark. Men publikum lytta og det var ei god avslutning på nokre veldig fine dagar.  image