Gjennombrot!

I eit tidlegare innlegg skreiv eg kor galt det gjekk då eg prøvde å bestille frukost med ustø portugisisk på vår lokale café. I dag er soga ein annan. Vi har endeleg (etter i alle fall fem forsøk) funne ut korleis vi kan bestille det vi ønskjer og i dag gav alt uttelling: V har klipt… Fortsett å lese Gjennombrot!

Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om

Etter å ha gått opp og ned og rundt i Prìncipe Real ein kveld, foreslo V å gå innom ein ekstra park før vi snudde. Eg såg på klokka og spurde kvifor det når vi uansett ikkje fekk tid til å vere der så lenge, og i tillegg var dette ein park vi hadde vore i… Fortsett å lese Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om

Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør

Andre episode i livet til ein ignorant turist: For tida prøver eg å berre snakke portugisisk når eg skal bestille på café, sånn som i dag tidleg. Eg var glad då eg kjende att ordet for toast på ein plakat og såg bilete av toast med ost og skinke. Men først ville eg spørje om dei i… Fortsett å lese Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør

Ein hemmeleg stad i Lisboa

Når sola strålar og det er ein fin ettermiddag og du trur det skal vere fint å vere i Belém og du ser eit oversiktskart med veg til eit miradouro, utkikkspunkt, for utsikt vil du ha og det er klart du kan gå oppoverbakkar, mange oppoverbakkar – Men når du skulle ha komme fram til utkikkspunktet… Fortsett å lese Ein hemmeleg stad i Lisboa

Sol, vind og latter

Førre veke hadde eg tre venninner på besøk og vi utforska Lisboa og områda rundt. Her følgjer ei oppsummering av kva vi opplevde og såg. Kanskje får du lyst til å ta ein tur til Portugal sjølv? I så fall har du her nokre tips til kva du kan gjere: Grill i monsanto Monsanto, største grøntområdet… Fortsett å lese Sol, vind og latter

Passe hipt på LX Factory

Ein liten busstur utanfor sentrum av Lisboa, under den store brua, har eit nedlagt fabrikkområde fått nytt liv. Det har blitt ein kreativ stad, med bokhandel, restaurantar, vintage- og kunstbutikkar . Det er tydelegvis ein stad som mange er innom.  Då vi gjekk langs gata og eg sa: Å sjå der og sjå der, sa V: Ja, sett… Fortsett å lese Passe hipt på LX Factory