Skip to content

Sunniva Relling Berg

Forfattar

  • Heim
  • Blogg
  • Bøker
  • Forfattarbesøk
  • Akademia
  • Om Sunniva

Tag: lesestoff

07/10/201416/01/2017Leave a comment
Hausten har inntatt blada. Kvar haust ønskjer eg at eg var ein poet, og kunne skildre denne fine tida med vakre ord. I staden får eg gå rundt og nyte synet, lydane og luktene. Og finne nye bøker.
For hausten kjem, og bøkene fell inn i butikken. Her er nokre av dei bøkene eg gler meg til å lese i haust. Gler meg til å lese, sjølv om eg eigentleg burde bruke all tida mi på å skrive master.
Asfalten har eit dekke av løv, som raslar så fint rundt føtene. Lyset er oransje og like skarpt som lufta. Eg såg og tenkte cirka det same i fjor, men det er like fint, ja, kanskje finare, i år.

Søk

Kategoriar

  • Beina i gitaren
  • Diverse
  • E-litteratur
  • Forfattarbesøk og skrivekurs
  • Hugskot
  • Lesetips
  • Reisenotat
  • Skulebibliotek
  • Språk og skriving

Nye innlegg

  • Glass Town og ungdomsskriverier
  • Snikskriving
  • Pause
  • Flø
  • Ute i havgapet

Nye kommentarar

  • sunnivarb on Små bøker om det store, vanskelege og fine livet
  • June on Små bøker om det store, vanskelege og fine livet
  • Hanna on Glimt av sommar
  • Hanna on Krafta i litteraturen
  • hanna on Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør

sunnivarb

Fri til å skrive [«Lyden av to hender» kjem i Fri til å skrive

[«Lyden av to hender» kjem i løpet av januar 😱😃 Du kan allereie forhandsbestille boka! Link i bio.]

Etter andreboka mi, var det nokon som kommenterte at hovudpersonane blei eldre for kvar bok og at mi neste bok sikkert kom til å handle om nokon tidleg i tjueåra. 

Det tenkte eg høyrdest logisk ut. 

Eg byrja å skrive om ei jente som var student i Bergen.

Etter to år, stod eg fast og det var kjekkare å skrive vidare på novella eg hadde skrive til ein antologi. 

Der kjende eg meg mykje friare i skrivinga. Eg skreiv delvis frå synspunktet til ein mann i førtiåra med ein bakgrunn svært ulik min eigen. Eg skreiv fordi eg var nysgjerrig, og eg visste ikkje kvar eg skulle (noko som gjorde prosessen lang og kronglete, men svært gøy òg).

Kvifor gav eg ikkje opp dette manuset òg etter to år? Fordi det dukka opp ei svært spanande historie og personar eg ikkje ville sleppe tak i. 

Eg håper fleire kan få lyst til å bli kjend med Lotte og Jákob og Aurélia og Christoph. Eg saknar dei eigentleg litt. #sprøforfattar 

#skrivelyst #skriveglede #skriveliv  #forfatterliv #writerslife #skrivehistorier #nyebøker #lydenavtohender #authorlife #forfatterspire #inspirasjon #writingbooks #skrivebøker #skriveøvelse #skrivekunst #writersofinstagram
Nokre idear slepp ikkje taket. Ei lita tekstøving Nokre idear slepp ikkje taket. Ei lita tekstøving frå 2011, vaks til ei novelle i 2015, då eg blei spurt om å bidra til ein antologi. Novella fekk tittelen «Lyden av to hender». Harald Olsvik inviterte teksten med på scena, og la musikk til. Eg klarte ikkje å gi slepp på karakterane i teksten. Pianolæraren og den tidlegare eleven hans. Kva var historia deira? Nysgjerrig på å finne ut meir, skreiv eg vidare og vidare, til det byrja å likne ein roman. 

Har du idear som ikkje slepp taket? Kva gjer at du går vidare med nokre og ikkje andre?

#skrivelyst #skriveglede #skriveliv  #forfatterliv #writerslife #skrivehistorier #nyebøker #lydenavtohender #authorlife #forfatterspire #inspirasjon #writingbooks #skrivebøker #skriveøvelse #skrivekunst #skriveinspirasjon #musikkoglitteratur #forfatter #forfatterdrøm
Kvar startar ein roman? «Lyden av to hender» sta Kvar startar ein roman? «Lyden av to hender» starta for ti år sidan, då eg var ein seriøs student ved Skrivekunstakademiet og budde på eit lite rom med konsulentuttalingar teipa opp på veggen bak meg, ved sidan av ei lang remse gråpapir med kronologisk oversikt over det som skulle bli debutboka mi, «Utfor». 

Til ei av tekstinnleveringane, ville eg utfordre skrivinga mi og lurte på: Kva skjer med skrivinga, viss eg ikkje kan bruke synssansen til å skildre det som skjer? Den gongen var tittelen «Eg samlar lydar» og teksten på ei lita side. Det skulle ta fire år før eg henta fram teksten på nytt. 

#10yearchallenge #skrivelyst #skriveglede #skriveliv  #forfatterliv #writerslife #skrivehistorier #nyebøker #lydenavtohender #authorlife #forfatterspire #seriøs #seriøsselfie #skriveøvelse #skrivekunst #skrivekunstakademiet
3. januar i fjor oppdaga eg at eg hadde ein penn i 3. januar i fjor oppdaga eg at eg hadde ein penn i håret, etter fleire dagar med intens jobbing med romanmanus. På denne tida i fjor byrja eg å tenkje at kanskje kom dette faktisk (endelig) til å bli bok. Det var ikkje første gong eg tenkte det om dette manuset. Første gong trur eg var i 2016. Eg skreiv følgjande til nokon eg snakka med i høve research:

«The novel is scheduled for spring 2017. That depends of course on how it turns out, if my editor and I are not satisfied by then, it will be delayed. I will let you know!»

😅

#skriveliv #skrivelivet #lydenavtohender #forfatterliv #skriving #romanskrivning #vårensbøker2021
Ein Ein
roman roman
Sjå meir... Følg @sunnivarb

Kontakt

Sunniva Relling Berg
post@sunnivaberg.no
Proudly powered by WordPress | Theme: sela by WordPress.com.