Litterær middag i nådens nabolag

I går var vi på middag hos våre portugisiske vertar J&S, i Graça, der sola låg varmt på bygningane. Det er ekstra fint å få komme heim til nokon på middag i eit framandt land, og ekstra kjekt er det når det viser seg at vi har mykje til felles. Det viste seg at dei òg liker Dostojevskij betre enn Tolstoj, og allereie første dagen vi kom til Lisboa, sa J at han hadde ein norsk favorittforfattar: Kjell Askildsen, som òg er ein av mine favorittar.

Graça. Foto av Vidar Flak

Ein god start på ein nydeleg kveld. Vi sat i glasverandaen og såg lyset forsvinne over hustaka. Dei serverte svin, éi gryte med kjøt kokt i kvitvin og éin i raudvin. Kjøt kokt så lenge at det smeltar på tunga. J meinte at dei har best matkultur i Sør-Portugal fordi dei har måtte vere kreative med det dei har. Finne måtar å koke den eine geita ein har hatt i alle år når ho er blitt for gammal til å gi mjølk. Lage rettar av sivet frå elvebreidda. Lage suppe på ost som er så gammal at han er for hard til å skjere i.

Men vinen er best i nord, portvin som dei fleste sikkert kjenner til, men enno betre (i alle fall til middag): vin frå Douro. Visstnok var tre av dei fire beste vinane i verda frå Portugal (1., 2. og 4. plass) i ei kåring. Grøn vin har dei òg.

Mest ivrig blei eg då J henta fram nokre av dei norske bøkene han hadde. Han fortalde at fordi Portugal er eit så lite språkområde, får dei kjøpt inn ein del gode utanlandske bøker til rimelege prisar fordi det ikkje vil vere eit stort opplag. Han sa at portugiserane ikkje er eit storlesande folk, men at dei som les får tilgong til eit stort utval av utanlandske bøker oversett til portugisisk. Dei som jobbar i forlag kan mange språk (minimum engelsk, fransk og spansk) så det er stor tilgong på omsetjarar. Og éin omsetjar har spesialisert seg på skandinavisk litteratur.

Klarer du å gjette desse boktitlane?

Bøkene hadde fine omslag og det var spesielt å lese starten av Uma vasta e deserta passagem av Kjell Askildsen. Kor annleis og likevel likt.

J fortalde at han, som kom frå nord i Portugal, kunne kjenne seg meir heime i skandinavisk litteratur enn portugisisk litteratur, fordi mange av dei portugisiske forfattarane kom frå Sør-Portugal. Til dømes var J meir vand med å handhelse på far sin, enn å kysse, slik dei gjerne gjer i sør. Vi blir forma av omgivnadane  våre, sa han, og då kan eg kjenne meg meir att i Skandinavia, fordi vi i nord har snø og fjell og ein annan kultur. Kanskje kaldare, eller berre varm på ein annan måte.

No får eg stoppe. Men så fint det er å snakke om litteratur!