Coffices i Bergen: Krok og Krinkel

Open: 11.00 – 19.00 (laur&søn: 11.00 – 17.00)
Lille Øvregaten 14, 5018 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: God 
Stikkontakter: Ja, men kan vere litt vanskeleg å finne
Atmosfære: Fin
Kaffe: 30,- 

image

Allereie fleire meter unna slår lukta av nybakte bakervarer imot deg. Og du må ned ei trapp for å komme inn i lokalet, der grammofonen står på ein liten kamin og kafékjøkkenet er eit kjøkken. Bokhyller fyller mange av veggane, og bøkene er til sals. Globus heng frå taket. Og det er både sofaer og stolar å sitje i. 

Ein triveleg stad for å arbeide. 

image

image

image

Eg har høyrt nokon kalle det ein alt for søt kafé, og komme med det retoriske spørsmålet: – Har du nokon gong høyrt ein gut seie at det er koseleg der? 

Eg veit ikkje det, men det var i alle fall fleire gutar/menn der, som så ut til å trivast. 

image

Lyd frå kjøkkenet, der servise og glas blir sett i oppvaskmaskina. Det høyrest ut som om ein er heime hos nokon som har mange på besøk, der alle er avslappa og sit i ulike krokar og snakkar to og to eller jobbar på datamaskina. 

Musikken spelast på eit behageleg nivå, sjølv om den kan karakteriserast som nokså bråkete musikk. 

Fekk tak på ein song; Pills – New York Dolls

Så stoppa musikken – og det var fint for å få meir arbeidsro. 

Vi sat nær døra, og der var det litt kaldt. Elles var det ei særs god oppleving.

To ekspertkommentarar:

J: Kanskje litt irriterande med musikken, elles lyst og bra og fint med stikkontakt. Koseleg med bøker. Mango-teen var god, og det var mykje utval. 

A: Krok og krinkel – favoritten. God atomsfære, lukter alltid godt og nystekt. Ofte fullt. Og på vinteren litt kaldt. Kan ha forbedret seg på varmen siden jeg bodde i Bergen. Nå er jeg bare innom i ny og ne. Synes det er en fin plass å jobbe. Veldig hyggelig personale. Virkelig et sted med sjel. Her finnes ikke så mange stikkontakter, så hvis man er heldig så er de rette bordene ledige.

(Dette er sjette kafe i serien Coffices i Bergen)

Coffices i Bergen: Frieles Kaffe

Open: 07.00 – 17.30 (søn: 9.30 – 17.30)
Strømgaten 2, 5015 Bergen

Internett: Nei
Storleik på borda: Fin
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Veldig triveleg
Liten kaffe: 30,- (m/ påfyll)

image

Det var den veka det var så fint vêr, men tidleg onsdag morgon var det framleis overskya utafor. Perfekt å starte dagen på ein roleg kafé med jazzmusikk i bakgrunnen. 

image

Alt etter kva dør du går inn, kjem du anten inn i ein tradisjonell kafé (via inngangen til jernbanehallen) eller så kjem du inn i ei stove, med ein liksompeis, bokhyller og stolar med pute i. Atmosfære er roleg og triveleg, og sit du her er det óg veldig stille sidan kaffimaskina er langt unna og buldringa frå den ikkje når rundt hjørnet. Eit frukostrundstykke kan du kjøpe til 49,-. 

PLUTSELIG! Høgtalaranlegget sprakar opp og annonserer at toget kjem inn frå Voss. 

image

Alt ligg til rette for at dette er eit veldig fint coffice, utanom ein sentral ting: Ikkje noko internett. På spørsmål svarar dei i kafeen at dei ikkje er sikre på kvifor dei ikkje har internett. 

Internett ville gjort staden nokså perfekt. 

image

Pluss: Veldig roleg og fin stad som passar perfekt til å arbeide. Og viss du ikkje ønskjer å bli distrahert av internettets mange lumske sider, er det lite som taler imot denne staden. Det er mykje ledig plass her ein vanleg formiddag, og på grunn av stilla passar det óg godt å gjennomføre eit intervju her. 

Minus: Ikkje internett. Og stolane lagar mykje lyd når dei blir skyve inntil/bort frå bordet. 

Musikk spelt over anlegget: 

Goodbye – Lizz Weight
East of the Sun (And West of the Moon) – Diana Krall
The look of Love – Diana Krall
Let’s Fall in Love – Diana Krall
Lead The Way – Lizz Weight

(Ut frå musikken er det tydelegvis her ein kan friske opp eller finne kjærleiken. Kanskje skal du ta turen hit på din neste date?)

(Dette er femte kafe i serien Coffices i Bergen)

Coffices i Bergen: Brunello

Open: 08.00 – 17.00 alle dagar, langope til 19.00 på torsdagar
Olav Kyrres gate 31, 5014 Bergen

Internett: Nei
Storleik på borda: Ok
Stikkontakter: Berre med sofaen
Atmosfære: Fin utsikt til gatelivet

image

Det var ein laurdag formiddag at eg var innom Brunello, og det var kanskje ikkje det beste tidspunkt for ei roleg jobbeøkt. Mange andre var innom, og praten gjekk lett (og gjerne høgt) på dei andre borda. Men at han er så populær seier noko om at dette er ein svært tilgjengeleg, triveleg liten kafé der du kan sitte og sjå ut på gatelivet, og nyte diverse bakervarer og smørbrød. Stolane er mjuke, og i eine enden finst ein sofa å sitje i. 

Eg har òg vore innom tidlegare då det har vore rolegare, og dei har ein kaffi mocca med deilig, smelta sjokolade i. 

image

Denne gongen har eg fått ein kort ekspertkommentar frå Astrid som har vore på svært mange kafear i Bergen, og har oversikt over det meste. Ho skriv dette om Brunello: “God mat, tror de kun har uttak ved sofaen, ingen wifi. Veldig ålreit plass, lyse lokaler og enkelt å kikke ut på gatelivet:)”

Pluss: Yrande gateliv, sentralt plassert. Mjuke stolar, god mat og fin stad å arbeide.

Likevel, det er nokre viktige minus: Ingen internett eller stikkontakt.

(Dette er fjerde kafé i serien Coffices i Bergen)

Coffices i Bergen: Starbucks

Open: 07.00 – 21.00 (09.00 – 21.00 (20.00)
Kjøttbasaren Bergen, Vetrlidsallmenningen 2, 5014 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: liten
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Grei, men ofte kaldt i lokalet
Enkel kaffe: kr 27,-

image

Som ein av dei få kafeane i Bergen som opnar kl sju, er Starbucks eit fint alternativ for ei tidleg jobbeøkt. Nytrukket kaffe og te kostar 27,- og det er roleg så tidleg på formiddagen. 

Det største minuset er at det ikkje er ordentlege jobbebord. Borda er små og ustabile, det same er fleire av stolane. Det er muleg å sitje på vindaugsrekka og sjå utover byen, men der er borda òg tynne. Viss du liker å ha støtte for underarmane på bordet er det vanskeleg å finne det her. Dessutan kan det ofte vere kaldt. 

image

Dagens ekspertkommentator kommenterer kor slitte dei grå stolane er på kantane, og at dei ser veldig amerikanske ut. Det tar ikkje meir enn et kvarter, så kjem store pappesker inn i rommet, og nett dei stolane vi sit i blir skifta ut til nokon større, brune stolar. Desse også svært amerikanske, men kanskje meir slitesterke – og meir behagelege. På biletet under ser du dei grå stolane som blei pakka bort i pappesker. 

image

Det var ingen musikk over høgtalarane medan vi var der. Ekspertkommentatoren meinte kaffien ikkje smakte godt, men teen eg drakk var god. 

Pluss: Lang opningstid, tidleg open og kan vere roleg. Fin utsikt til byen. 

Minus: Ustødige bord til å jobbe på, og ofte kaldt. 

image

(Dette er tredje kafé i serien Coffices i Bergen)

Coffices i Bergen: Ad Fontes

Open: 10.00–18.00 (ons&fre ope heilt til 24.00)
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Internett: Ja (eduroam og UiB sitt nett)
Storleik på borda: Ok, men låge
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Triveleg

image

Ute er det grått. Trea sine krafseklør duvar i vinden. Men inne på Ad Fontes kjem sola gjennom høgtalarane, Beatles syng sun sun sun, here it comes og det er nærast så ein kan tru på at etter vinter kjem vår, og så sommer og sol. 

Langs veggane er det bokhyller, bøker du kan lese i eller kjøpe. Rolig jazz-aktig musikk i bakgrunnen. Sofaer til å lene seg langt bak i, sitte med dataen på fanget. Teen og kaffien betaler du nett så mykje som du ønskjer for, og du kan ha med niste hit. 

Dagens ekspertkommentator, M: – Bør kanskje ikkje nyttast akkurat i lunsjtider, men elles ein perfekt stad for arbeid. 

image

Pluss: Triveleg og avslappa stad, med bokhyller og sofaer til å synke langt bak i. 

Minus: Ikkje høge bord som kan brukast som skrivepult. Dessutan er nettilkoblinga berre UiB sin og eduroam.

Konklusjonen må bli at dette nok først og fremst er for (HF-)studentar, men har du lyst å synke ned i ein koseleg sofa, finne eit spel eller spionere på  HF-erane er det ikkje ein dum stad å vere. 

Inne på Ad Fontes kan du kikke ut på ein open plass midt inne i betongbygninga. Der står ei firkanta klokke, og forma er ikkje det einaste som er spesielt med denne klokka:

image

image

Musikk spelt over anlegget:

Pound for pound – The bad plus
Surf’s up – The Beach Boys
Here Comes the Sun – The Beatles

(Dette er andre kafe i serien Coffices i Bergen)

Blom

Open: 08.30–17.00 (lør&søn: 11.00–17.00)

John Lunds plass 1, Fosswinckelsgate, 5007 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: Ok
Stikkontakter: Nei
Atmosfære: God, men kan vere litt bakgrunnsstøy

image

Utafor snøar det. Ei dame går med lilla paraply. Like innanfor vindauga sit to jentar på kvart sitt bord, og klår på mobiltelefonane sine. Båe har ei bok på bordet, likevel. 

Det er ei roleg atmosfære her, denne formiddagen i februar. Koseleg med rustikke murveggar. Enkel mat som kan etast til frukost og kaffi, kaffi, kaffi – og andre ting. 

Kanskje kjem det ekstra mykje folk hit fordi det ligg så nært SV. Nokon ved sidan av diskuterer, utklipp frå samtalen: 

– Ikkje heilt untreated, men ikkje så treated.
– Prereform quarter.
– Hvordan blir trendene der? Det blir noen alderseffekter.

image

Dagens ekspertkommentator kjem med følgande refleksjonar: 

– Flott interiør, fint lys her, og fine lysestaker som bidrar til dette lyset […] Noen snakker høyt. […] Også er det World Class Coffee her da. […]

Han får påfyll av kaffi: Independencia Salvador og seier, på sin småironiske måte: – “Uavhengighet frelseren” du kan ikke kalle noe det.

Pluss: Koseleg atmosfære og folk. Fine bord, sit ein åleine er det flott, men viss ein skal sitje overfor kvarandre er det litt smale bord. God kaffi, seier dei som kan sånt. Internettilgong. 

Minus: Sidan det er så mange her, kan det bli litt bråkete. Dessutan, når kaffien er ei så sentral greie, blir det ofte lyd frå kaffikvern og kaffimaskin som kan forstyrre og overdøyve musikken. Ikkje tilgang til straum.

image

Konklusjon

Liker Blom svært godt, sjølv om det kan vere litt støy og ikkje stikkontakt.

—-

Etter kvart som vi sit her kjem snøen tettare. 

Han seier: – Det er sånt vær der du bare går ut en liten tur og så har du blitt forkjølt.

Så då er det berre å bli sitjande.  

Musikk spelt i bakgrunnen:

Tycho – Hours

Arabella

Breath – telepopmusikk

Acid  Raindrops – People under the stars

(Dette er første kafe i serien Coffices i Bergen)

Finst det koselege kafear i Bergen?

Ja! vil eg svare. Men eg høyrde noko anna her om dagen: «Det finst ingen koselege kafear i Bergen. Det er mykje betre i Stavanger». 

Og eg skal ikkje påstå at det ikkje er bra i Stavanger (for der har eg aldri vore), men eg kan ikkje la denne påstanden om ingen koselege kafear i Bergen få stå uimotsagt. 

Coffices i Bergen

Ein by med respekt for seg sjølv bør ha ei liste over top ten coffices, berre sjå til New YorkSydneySan Francisco og London

Eg har lenge hatt lyst til å gå meir systematisk til verks og utforske kafeane her i Bergen, sjekke stader eg aldri har vore på før og utvide min bergenske kafekunnskap. I mi undersøking vil eg fokusere på kafear som kan vere gode arbeidskafear, såkalla Coffices (coffee shop office). Av og til kan det vere veldig fint å komme seg vekk heimefrå for å skrive eller arbeide, og då er det greitt å vite nett kva ein kan velje mellom og fordelane og ulempane med dei ulike stadene. 

Dette vil ikkje vere ei undersøking av kaffi (eg er ingen kaffidrikkar, men kan gjerne ha med ein ekspertkommentator som drikk svart).

Kriterier for å komme på lista? Ikkje for dyrt, muleg å sitje berre med ein kopp kaffi e.l. for å arbeide. Må vere ein viss storleik på borda og litt koseleg (dvs. bit nedst i Galleriet blir for bråkete/lite intimt og Kaffekompaniet kan difor heller ikkje vere med, fordi det er relativt få bord der)

Ei førebels liste over kafear eg kan sjekke ut:

Kom gjerne med innspel til andre kafear eller skriv om det Cofficet du liker best.

Kriterier kafeane blir dømde ut frå:

  • Internettilgong
  • Tilgang til straum
  • Støy
  • Kva type musikk som blir spilt
  • Størrelse på bordplass
  • Naturleg å ta fram datamaskina?
  • Priser
  • Betjening
  • Atmosfære

Til inspirasjon, her er frå Coffices i Sydney (bileta er henta frå concreteplayground): 

image

image

image

image