Coffices i Bergen: Ad Fontes

Open: 10.00–18.00 (ons&fre ope heilt til 24.00)
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Internett: Ja (eduroam og UiB sitt nett)
Storleik på borda: Ok, men låge
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Triveleg

image

Ute er det grått. Trea sine krafseklør duvar i vinden. Men inne på Ad Fontes kjem sola gjennom høgtalarane, Beatles syng sun sun sun, here it comes og det er nærast så ein kan tru på at etter vinter kjem vår, og så sommer og sol. 

Langs veggane er det bokhyller, bøker du kan lese i eller kjøpe. Rolig jazz-aktig musikk i bakgrunnen. Sofaer til å lene seg langt bak i, sitte med dataen på fanget. Teen og kaffien betaler du nett så mykje som du ønskjer for, og du kan ha med niste hit. 

Dagens ekspertkommentator, M: – Bør kanskje ikkje nyttast akkurat i lunsjtider, men elles ein perfekt stad for arbeid. 

image

Pluss: Triveleg og avslappa stad, med bokhyller og sofaer til å synke langt bak i. 

Minus: Ikkje høge bord som kan brukast som skrivepult. Dessutan er nettilkoblinga berre UiB sin og eduroam.

Konklusjonen må bli at dette nok først og fremst er for (HF-)studentar, men har du lyst å synke ned i ein koseleg sofa, finne eit spel eller spionere på  HF-erane er det ikkje ein dum stad å vere. 

Inne på Ad Fontes kan du kikke ut på ein open plass midt inne i betongbygninga. Der står ei firkanta klokke, og forma er ikkje det einaste som er spesielt med denne klokka:

image

image

Musikk spelt over anlegget:

Pound for pound – The bad plus
Surf’s up – The Beach Boys
Here Comes the Sun – The Beatles

(Dette er andre kafe i serien Coffices i Bergen)

Finst det koselege kafear i Bergen?

Ja! vil eg svare. Men eg høyrde noko anna her om dagen: «Det finst ingen koselege kafear i Bergen. Det er mykje betre i Stavanger». 

Og eg skal ikkje påstå at det ikkje er bra i Stavanger (for der har eg aldri vore), men eg kan ikkje la denne påstanden om ingen koselege kafear i Bergen få stå uimotsagt. 

Coffices i Bergen

Ein by med respekt for seg sjølv bør ha ei liste over top ten coffices, berre sjå til New YorkSydneySan Francisco og London

Eg har lenge hatt lyst til å gå meir systematisk til verks og utforske kafeane her i Bergen, sjekke stader eg aldri har vore på før og utvide min bergenske kafekunnskap. I mi undersøking vil eg fokusere på kafear som kan vere gode arbeidskafear, såkalla Coffices (coffee shop office). Av og til kan det vere veldig fint å komme seg vekk heimefrå for å skrive eller arbeide, og då er det greitt å vite nett kva ein kan velje mellom og fordelane og ulempane med dei ulike stadene. 

Dette vil ikkje vere ei undersøking av kaffi (eg er ingen kaffidrikkar, men kan gjerne ha med ein ekspertkommentator som drikk svart).

Kriterier for å komme på lista? Ikkje for dyrt, muleg å sitje berre med ein kopp kaffi e.l. for å arbeide. Må vere ein viss storleik på borda og litt koseleg (dvs. bit nedst i Galleriet blir for bråkete/lite intimt og Kaffekompaniet kan difor heller ikkje vere med, fordi det er relativt få bord der)

Ei førebels liste over kafear eg kan sjekke ut:

Kom gjerne med innspel til andre kafear eller skriv om det Cofficet du liker best.

Kriterier kafeane blir dømde ut frå:

  • Internettilgong
  • Tilgang til straum
  • Støy
  • Kva type musikk som blir spilt
  • Størrelse på bordplass
  • Naturleg å ta fram datamaskina?
  • Priser
  • Betjening
  • Atmosfære

Til inspirasjon, her er frå Coffices i Sydney (bileta er henta frå concreteplayground): 

image

image

image

image