Røroseventyr

Etter berre eit knapt døgn på Røros, har eg blitt småforelska i staden. Det har vore sol og kneistrande kvit snø. Hotellet vi låg på hadde fyr i peisen, og nokre gjestar som spelte brettspel i fellesområdet.
Overalt kvar eg gjekk, var husa små og søte og sparkane stod klare utanfor.
Då vi besøkte Røros skule i dag, skein sola over plassen. Syklar (kanskje med piggdekk?) stod ved sidan av sparkar, i den kvite snøen. Eit nytt bygg og eit gammalt, vi kunne sjå over til det gamle bygget og der stod eit skjelett – eit sånt fint og gammalt eitt.
Elevane på skrivekurset var engasjerte. Nokre drøfta klimaspørsmål, andre skildra korleis det kan vere for ein gut å lengte etter å ta på seg ein raud kjole. Dei drog historier ut av bileta eg hadde med, og skrivespurta seg til gode tekstbitar.
Etterpå vende bokbussen tilbake mot Trondheim, og sleppte meg av på Støren. Etter at sola var gått ned, noko som jo ikkje er så seint, gjekk eg gjennom sentrum, og blei overraska over den korte avstanden. Men dei hadde heile to pizzeriaer like ved kvarandre. Det kjenst alltid rart å vere heilt åleine på restaurant, spesielt når det er få andre der. Difor valde eg den mest folksomme av dei to (to par) og sette meg.
Eg såg ut på den svarte asfalten. Snøen var berre som eit gjennomskinleg slør over han. Alt verkar så mykje svartare med ein gong snøen forsvinn. Vintermagien frå Røros blei att på Røros. Men eg gler meg til å sjå Støren i morgonlyset. Kanskje blir opplevinga ei heilt anna då.

På eventyr med bokbussen

image

Første dag på eventyr med Bokbussen! Det starta i eit slafsete Trondheim, med regn som øydela nysnøen frå dagen før. Tidleg på morgonen gjekk eg til folkebiblioteket for å bli møtt av bokbussjåføren. Før biblioteket hadde opna, stod eg der, og blei henta inn i bygget frå ei sidedør. 

Det var som om eg skulle på eit hemmeleg oppdrag, kanskje for å redde verda. 

Vidare blei eg ført inn i heisen, ned i kjelleren, vidare inn i eit magasin med mange bøker og etter fleire hyllerader, der: opna rommet seg til eit større rom, der sjølvaste bokbussen stod. 

Det var som om det var Batmans bil, slik føltest det i alle fall. 

TADA! 

Med inngang berre frå sida, og eit heilt bibliotek, med ulike hyller fulle av bøker og ein skranke i tre. Det var berre å sette seg framme i cockpiten, og legge ut på reis. 

image

Det er flott å kunne sitte så høgt over vegen, og berre sjå. Vi skulle ut på eventyr, etterkvart viste det seg å bli eit vintereventyr. Kaldt og klart, med sol som på eit tidspunkt gjekk rett i auga. Det var herleg. 

image

I Ålen fekk elevane besøke bokbussen, og eg hadde skrivekurs med ein fin liten gjeng med elevar. Det var stas å høyre alt dei skreiv. Vidare drog vi til Røros. Åt lunsj på kaffistuggu, og såg sparker utanfor mange dører. Det ser ut som eit vinterparadis, henta frå ein perfekt julefilm. Snøen knaska under skoen og sola var på visitt. Sjølv om det alltid var fint å vere gøymd i ei dunjakke. 

image

På kvelden fekk vi komme til biblioteket, og snakke om tendensar i ungdomslitteraturen. 

Konklusjon: Det er veldig kjekt å få vere på turné med den kulturelle skolesekken i Sør-Trøndelag, og bokbussen er herved min favorittbuss.