Ein hemmeleg stad i Lisboa

Når sola strålar og det er ein fin ettermiddag og du trur det skal vere fint å vere i Belém og du ser eit oversiktskart med veg til eit miradouro, utkikkspunkt, for utsikt vil du ha og det er klart du kan gå oppoverbakkar, mange oppoverbakkar –

Belém, før oppoverbakkane.

Men når du skulle ha komme fram til utkikkspunktet og det berre er ein lang, høg mur, og du går langs muren til det som må vere ein park med utsikt innanfor og kjem til ein stor open port, så går du sjølvsagt inn og blir overraska av at ein mann, femti meter unna viftar peikefingaren mot deg og ristar på hovudet og når du prøver å gå nærare for å snakke med han går han ein annan veg. Litt sånn fram og tilbake, til du innser at du ikkje får gå vidare nedover i parken, og du er nokså sliten og varm og utan utsikt.

Så innser du at det ikkje er nokon grunn til å vere sint, i alle fall ikkje på parken og mannen, for det er tydelegvis ein botanisk hage av eit eller anna slag og det er klart at dei stengjer klokka fem, men kartet kan du vere sint på, for når det står miradouro så ventar du at du skal kunne gå til dette når som helst, tenk å stele utsikta frå ein stakkars gjennomsnittsturist (eg hadde kamera på magen og skamma meg, det er ikkje rart at dei som bur på typiske turiststadar blir slitne av å ha ignorante folk gåande overalt utan å kunne språket og dei berre krev å få komme inn i parkar kva tid som helst på døgnet).

I alle fall så søkte vi opp miradouro på google, og sjekka at det var døgnopent og venta på ein buss som kom kanskje sånn tjue-tretti minutt for seint, men det var varmt i sola og bakken var like bratt opp som ned, så det var eit slags utkikkspunkt i seg sjølv, det, vi kunne ane elva der nede.

Bussen hadde nesten akkurat ikkje plass til oss, full som ein ny pakke med tusjpennar, men vi fekk komme på og var glade for å ikkje måtte gå opp alle bakkane. Google sa vi skulle gå av bussen, og då gjekk vi av, på eit stopp ingen andre gjekk av på, og så stod vi på  ein aude landeveg med skog på alle sider.

Vi stoler på Google, i alle fall når vi ikkje har anna val, og gjekk nedover, gjekk forbi vegen han meinte vi skulle ta – og det var ikkje så rart, for då vi gjekk tilbake og såg, var vegen heilt gjengrodd. Vi kunne så vidt ane bilspor frå eit anna århundre. Vi gjekk på, muntrare for kvart steg, for skogslufta var frisk og klar – samstundes (i alle fall eg, med min fantasi) svært klar over at vi gjekk innover i ein nokså mørk og tett skog på ein skjult sti i eit framandt land utan å vite kvar vi var på veg.

Så byrja vi å sjå noko framfor oss, ein bil og eit bygg og ein port til noko anna.

Vi kunne gå under huset, ut i sola. Ein park med vatn og ender og utsikt til fleire sider. Og då var det slett ikkje så verst at vi ikkje kom inn i den stengte parken, faktisk var vi visst nokså heldige. På Google heiter staden Secret Spot, så kanskje er det ein stad som berre finst for dei som er slitne og svoltne på utsikt og har gått frå park til park, men ingen hadde plass i sine parkar.

Å sjå og nyte og lukte bartre og sitte i ro og gløyme at ein er ein uhøfleg turist som burde vite meir, berre vere eit menneske i solskin.

Sol, vind og latter

Førre veke hadde eg tre venninner på besøk og vi utforska Lisboa og områda rundt. Her følgjer ei oppsummering av kva vi opplevde og såg. Kanskje får du lyst til å ta ein tur til Portugal sjølv? I så fall har du her nokre tips til kva du kan gjere:

Grill i monsanto

  • Monsanto, største grøntområdet i Lisboa, med to offentlege grillar i skogen
  • Jogg, gå, terrengsykle viss du vil det
  • Sjå akvedukten like ved (ekstravagant døme på portugisisk 1700-tals ingeniørkunst, visstnok)

Cascais og Havgap

  • Sol deg på ei strand (pass på! bølgjene går brått høgt – tre jenter som sola seg, fekk blaute handkle)
  • Strendene kan vere overfylte – ikkje noko problem når vinden er kald og det er tidleg mars
  • Bad! Det er ikkje verre enn i Norge i mars, men ikkje så veldig mykje varmare heller
  • Et på takterrassen til  Café Galeria, ein fargerik vegetarrestaurant.
  • Gå i smale gater, sjå sykkelen på veggen.
  • Gå 20 min eller ta taxi for å rekke solnedgangen ved Boca do inferno

 

BeléM

  • Et Pastéis de Belém på Casa Pastéis de Belém (varme, rett frå ovnen, set deg gjerne inne, nyt med kanel- og melisdryss).
  • Sjå på kloster, katedral, samtidsmuseum, tropisk hage, vognmuseum etc. 
  • Gå langs elva og sjå Padrão dos descrobrimentos og Torre de Belém.
  • Trur du stekte kastanjer er godt? Roasted chestnuts on the open fire og alt det der? Det luktar svært godt, men sjølv om vi var fire stykk klarte vi ikkje å ete opp den vesle posen vi kjøpte. Vi trudde det kunne bli betre for kvart tygg, det smakte verre og utan skall såg kastanjene ut som hjerner. Det kan godt vere du liker det (mange gjer visst det), men du er herved advart.

Langs Tejo inn i solnedgangen

Sintra: Eventyrslott

  • Stort område med alt for mykje å utforske på berre ein dag.
  • Vi fekk tid til å sjå Pena-palasset, med mange ulike stilartar og fargar (muleg det er lurare å byrje med Castelo dos Mouros eller bruke dagen i Quinta da Regaleira).
  • Mange tuktuk-køyrarar vil fortelje deg sanninga som passar dei (nei, du kan ikkje halde fram denne vegen, du må ned og så opp alle dei svingane, lat meg køyre dykk) og det kan vere du vil bli køyrt, men du kan ta buss og du kan òg gå.

Sykle til Jesus

  • Ta båten frå Cais do Sodre  til andre sida av Tejo, til Casilhas.
  • Leig sykkel for 3 euro timen, sykle langs elva.
  • Ta utandørsheisa opp fjellveggen.
  • Sykle gjennom eit sentrum med smale gater, opp bakkane til Jesus.
  • Ta bilde og køyr på alt du kan for å rekke tilbake før timen er ute.
  • Drikk varm sjokolade (/kaffi/vin/limonade) på Ponto final og sjå sola gå ned bak brua.

Ericeira

Nyt bølgjesuset i  surferparadiset

  • Gå fra strand til strand
  • Kommenter bølgjene og surferane – der gjekk du glipp av den! Kom deg ut no! Ja! Braaaa!
  • Et brasiliansk mat på Prim (viss du bestiller vegetarisk kebab får du eit spyd med grilla grønsaker, men kvifor skulle du ville bestille noko anna enn grilla kjøt på ein brasiliansk restaurant?)
  • Slapp av og ro ned
  • Vass i vasskanten – men det er nok best å halde seg borte frå strendene med bølgjer … Dei er høge! (Ein lokal, eldre mann kom bort og åtvara oss)

 

portugisisk mat?

Mange, mange mulegheiter. Eg kan nemne éin, anbefalt av ein lisboeta:

  • Restaurante O Arêgos
  • Et fisk, bacalhau (torsk), til dømes stekt eller i form (com natas).
  • Et eit kjøtstykke, og få det servert med eit egg på toppen, pomme frites og ris. Nei, ikkje noko grønt. Det er for pingler. Ikkje ketchup eller annan saus heller, viss du ikkje spør om det.
  • Olivenolje og vineddik står alltid klar på bordet, hell det gjerne over maten.

[DISCLAIMER: Så varmt og godt det ser ut i Lisboa, tenkjer du kanskje. Vi brukte ull kvar dag.]