Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør

Andre episode i livet til ein ignorant turist:

For tida prøver eg å berre snakke portugisisk når eg skal bestille på café, sånn som i dag tidleg. Eg var glad då eg kjende att ordet for toast på ein plakat og såg bilete av toast med ost og skinke. Men først ville eg spørje om dei i det heile hadde toast (nokså ofte står det rettar på menyen som dei ikkje har på det tidspunktet), så eg var glad då eg kom på ordet for Har dere … – trudde eg.

Etter å ha presisert at eg skulle ha to torradas og éin espresso, gjekk eg for å sette meg ned. Då byrja innsikta å sige innover meg.

Eg hadde prestert å seie Har eg toast? Ikkje Har dykk toast, som eg ønska. Og så hadde eg spurt om to toasts (V hadde ikkje komme enno) og berre éin kaffi, og gløymd at det kunne vere naturleg med anna drikke i tillegg. Det er ikkje rart om han tenkte at eg var nokså sprø.

For det vi fekk servert, var ein heil haug kvar med digre brødskiver med enorme mengder smelta smør både på over- og undersida (og berre tanken på at eg skulle ha ete to slike haugar sjølv …). Ikkje noko ost eller skinke og berre lyst brød. Elles prøver vi å få tak i alt kva vi kan av mørkare brød. Men, vi får håpe det i det minste var ein autentisk oppleving av portugisisk kultur.