Om Sunniva

Sunniva Relling Berg debuterte med ungdomsromanen Utfor i 2011. Utfor blei nominert både til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok og Kulturdepartementets debutantpris.

To år seinare, i 2013, kom andreboka, Beina i gitaren. Dagbladets meldar Maya Troberg Djuve kalla boka for ein «befriende litterær ungdomsroman».

Sunniva har også bidratt i ulike antologiar. I Svolt, ein antologi gitt ut i høve Skrivekunstakademiets 30 års jubileum, bidrog ho med ei novelle og i Monsterboka skreiv ho ei barneforteljing om eit ulukketroll.

UTMERKINGAR

Stiftelsen Kjell Holms kulturpris, 2012

Bokhandelens barnebokstipend (NBU-stipendet), 2014

bIografi

Sunniva Relling Berg blei fødd i Ålesund i 1988. På vidaregåande valte ho realfaga matematikk, kjemi og fysikk – som blei ein inspirasjon til debutboka Utfor. Etter eitt år på folkehøgskule i Nord-Norge, med hest og friluftsliv, drog ho til Trondheim for å bli sivilingeniør i Industriell Design. Ho skulle ha brukt fritida og kreativiteten sin til å designe bord og skruar og støvsugarar, men i staden brukte ho nettene til å skrive noveller, og etter kvart vaks ein av novellene seg større og større. Ho bestemte seg for å satse meir på skriving, og i 2010 flytta ho til Bergen for å starte på Skrivekunstakademiet.

Året på skrivekunstakademiet var svært utviklande og lærerikt, ho las og skreiv mykje og blei kjend med andre skrivande. Utfor blei gitt ut hausten etter, og same haust (2011) starta ho på ein bachelor i Digital kultur. Studiet gav stor fridom og ho kunne fokusere på forteljingar i nye kanalar, lære meir om å uttrykke seg visuelt og forske på korleis teknologien påverkar oss og korleis vi kan påverke han. I mastergraden sin skreiv ho om norske forfattarar sine haldningar til digital publisering.

Av og til draumar ho om å ta ein doktorgrad og forske meir, men for tida jobbar ho på biblioteket på Årstad vidaregåande skule og trivst svært godt med det. Det er fine elevar og kollegaer og bøker overalt. Innimellom får ho òg tid til å skrive, og håper at det etter kvart vil bli fleire bøker.