Monsterboka (medforfattar)

Bilde av framsida til boka "Monsterboka"Eg blei svært glad då eg fekk spørsmål om å skrive ein tekst til Monsterboka, den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Eg skreiv om Ulukketrollet og professor Lomme, og det var stor stas å få skrive til born.

Omtale frå forlaget (Skald) sine nettsider:

«Monsterboka er ei fantasifull og fargerik bok for heile familien som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Etter dei tre kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka har forfattarane i denne boka utforska monsterunivers på humoristisk og nokre gongar litt skummelt vis. Dei har spora opp både gigantisk store og bitte små, snille og slemme, triste og glade monster. Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som kan seiast er uvanleg glad i nettopp monster.»

Ulukketrollet snudde seg, og der stod det ein treaktig mann, høg og stiv. Andletet var delvis bork og delvis hud, og ein lang kvist hadde vakse ut av overarmen hans. – Eg har visst stått for lenge og tenkt! sa mannen, som måtte vere professor Lomme.