Flagrande tankar

A reading of “ThoughtsGo” by David Knoebel from Sunniva Berg on Vimeo.

Vi fekk i oppgåve å lage ein video om ein elektronisk tekst. Dette vart resultatet, basert på teksten ThoughtsGo av David Knoebel. I denne teksten blir tankane samanlikna med fuglar, og han utfordrar oss til å tenkje over korleis vi oppfattar og tenkjer.

Fuglar er ein godt brukt metafor i mange dikt, som til dømes i eit av mine yndingslingdikt av Tor Jonsson; Kvite fuglar. Dette diktet skildrar litt av korleis det er å dikte, noko av det sårbare ved det. Det å dikte og leve er tett knytta til kvarandre, og veldig annleis samstundes.


Å dikte er å vera

Det vesle som ein vart

og sleppe kvite fuglar ut

i nattesvart.


Å leva er å vera

Det store som ein er

og stå i einsleg undring

og høyre fuglar flyge inn

frå ukjend verd

Haust i klasserommet

I dag kom hausten inn i førelesinga, øvst i etasjane på Sydneshaugen skule.

Vi las E. E. Cummings:

l(a

le

af

fa

ll

s)

one

l

iness

Læraren seier: ”Here comes the breeze” og strekkjer ut armane som om han er eit tre, fingrane er tynne små greiner som vaiar i vinden. Vi les diktet og ser for oss eit einsamt lauv som glepp taket i familien sin (treet) og fell – det er omtrent så vi kan høyre bladet skrike.

Kjensla av å vere ein.

Av å døy, einsam. Slik vi alle må ein gong. 

Løvet vrir seg i redsle gjennom lufta, flakkar att og fram, slik auga våre går langs linene i diktet. 

Eitt etter eitt fell blada frå treet. Det vil stå ribba att til slutt, men framleis er gatene fulle av fargar. Og det er ikkje berre fallande lauv som er haust, det er nye bøker, det er kakao og varme hender, rå luft og bål, det er mjuke skjerf og tjukke genserar, det er svarte gater med lys som speglast i vasspyttar; oransje, gult, grønt, raudt.