Litterær middag i nådens nabolag

I går var vi på middag hos våre portugisiske vertar J&S, i Graça, der sola låg varmt på bygningane. Det er ekstra fint å få komme heim til nokon på middag i eit framandt land, og ekstra kjekt er det når det viser seg at vi har mykje til felles. Det viste seg at dei òg liker Dostojevskij betre enn Tolstoj, og allereie første dagen vi kom til Lisboa, sa J at han hadde ein norsk favorittforfattar: Kjell Askildsen, som òg er ein av mine favorittar.

Graça. Foto av Vidar Flak

Ein god start på ein nydeleg kveld. Vi sat i glasverandaen og såg lyset forsvinne over hustaka. Dei serverte svin, éi gryte med kjøt kokt i kvitvin og éin i raudvin. Kjøt kokt så lenge at det smeltar på tunga. J meinte at dei har best matkultur i Sør-Portugal fordi dei har måtte vere kreative med det dei har. Finne måtar å koke den eine geita ein har hatt i alle år når ho er blitt for gammal til å gi mjølk. Lage rettar av sivet frå elvebreidda. Lage suppe på ost som er så gammal at han er for hard til å skjere i.

Men vinen er best i nord, portvin som dei fleste sikkert kjenner til, men enno betre (i alle fall til middag): vin frå Douro. Visstnok var tre av dei fire beste vinane i verda frå Portugal (1., 2. og 4. plass) i ei kåring. Grøn vin har dei òg.

Mest ivrig blei eg då J henta fram nokre av dei norske bøkene han hadde. Han fortalde at fordi Portugal er eit så lite språkområde, får dei kjøpt inn ein del gode utanlandske bøker til rimelege prisar fordi det ikkje vil vere eit stort opplag. Han sa at portugiserane ikkje er eit storlesande folk, men at dei som les får tilgong til eit stort utval av utanlandske bøker oversett til portugisisk. Dei som jobbar i forlag kan mange språk (minimum engelsk, fransk og spansk) så det er stor tilgong på omsetjarar. Og éin omsetjar har spesialisert seg på skandinavisk litteratur.

Klarer du å gjette desse boktitlane?

Bøkene hadde fine omslag og det var spesielt å lese starten av Uma vasta e deserta passagem av Kjell Askildsen. Kor annleis og likevel likt.

J fortalde at han, som kom frå nord i Portugal, kunne kjenne seg meir heime i skandinavisk litteratur enn portugisisk litteratur, fordi mange av dei portugisiske forfattarane kom frå Sør-Portugal. Til dømes var J meir vand med å handhelse på far sin, enn å kysse, slik dei gjerne gjer i sør. Vi blir forma av omgivnadane  våre, sa han, og då kan eg kjenne meg meir att i Skandinavia, fordi vi i nord har snø og fjell og ein annan kultur. Kanskje kaldare, eller berre varm på ein annan måte.

No får eg stoppe. Men så fint det er å snakke om litteratur!

Sol, vind og latter

Førre veke hadde eg tre venninner på besøk og vi utforska Lisboa og områda rundt. Her følgjer ei oppsummering av kva vi opplevde og såg. Kanskje får du lyst til å ta ein tur til Portugal sjølv? I så fall har du her nokre tips til kva du kan gjere:

Grill i monsanto

  • Monsanto, største grøntområdet i Lisboa, med to offentlege grillar i skogen
  • Jogg, gå, terrengsykle viss du vil det
  • Sjå akvedukten like ved (ekstravagant døme på portugisisk 1700-tals ingeniørkunst, visstnok)

Cascais og Havgap

  • Sol deg på ei strand (pass på! bølgjene går brått høgt – tre jenter som sola seg, fekk blaute handkle)
  • Strendene kan vere overfylte – ikkje noko problem når vinden er kald og det er tidleg mars
  • Bad! Det er ikkje verre enn i Norge i mars, men ikkje så veldig mykje varmare heller
  • Et på takterrassen til  Café Galeria, ein fargerik vegetarrestaurant.
  • Gå i smale gater, sjå sykkelen på veggen.
  • Gå 20 min eller ta taxi for å rekke solnedgangen ved Boca do inferno

 

BeléM

  • Et Pastéis de Belém på Casa Pastéis de Belém (varme, rett frå ovnen, set deg gjerne inne, nyt med kanel- og melisdryss).
  • Sjå på kloster, katedral, samtidsmuseum, tropisk hage, vognmuseum etc. 
  • Gå langs elva og sjå Padrão dos descrobrimentos og Torre de Belém.
  • Trur du stekte kastanjer er godt? Roasted chestnuts on the open fire og alt det der? Det luktar svært godt, men sjølv om vi var fire stykk klarte vi ikkje å ete opp den vesle posen vi kjøpte. Vi trudde det kunne bli betre for kvart tygg, det smakte verre og utan skall såg kastanjene ut som hjerner. Det kan godt vere du liker det (mange gjer visst det), men du er herved advart.

Langs Tejo inn i solnedgangen

Sintra: Eventyrslott

  • Stort område med alt for mykje å utforske på berre ein dag.
  • Vi fekk tid til å sjå Pena-palasset, med mange ulike stilartar og fargar (muleg det er lurare å byrje med Castelo dos Mouros eller bruke dagen i Quinta da Regaleira).
  • Mange tuktuk-køyrarar vil fortelje deg sanninga som passar dei (nei, du kan ikkje halde fram denne vegen, du må ned og så opp alle dei svingane, lat meg køyre dykk) og det kan vere du vil bli køyrt, men du kan ta buss og du kan òg gå.

Sykle til Jesus

  • Ta båten frå Cais do Sodre  til andre sida av Tejo, til Casilhas.
  • Leig sykkel for 3 euro timen, sykle langs elva.
  • Ta utandørsheisa opp fjellveggen.
  • Sykle gjennom eit sentrum med smale gater, opp bakkane til Jesus.
  • Ta bilde og køyr på alt du kan for å rekke tilbake før timen er ute.
  • Drikk varm sjokolade (/kaffi/vin/limonade) på Ponto final og sjå sola gå ned bak brua.

Ericeira

Nyt bølgjesuset i  surferparadiset

  • Gå fra strand til strand
  • Kommenter bølgjene og surferane – der gjekk du glipp av den! Kom deg ut no! Ja! Braaaa!
  • Et brasiliansk mat på Prim (viss du bestiller vegetarisk kebab får du eit spyd med grilla grønsaker, men kvifor skulle du ville bestille noko anna enn grilla kjøt på ein brasiliansk restaurant?)
  • Slapp av og ro ned
  • Vass i vasskanten – men det er nok best å halde seg borte frå strendene med bølgjer … Dei er høge! (Ein lokal, eldre mann kom bort og åtvara oss)

 

portugisisk mat?

Mange, mange mulegheiter. Eg kan nemne éin, anbefalt av ein lisboeta:

  • Restaurante O Arêgos
  • Et fisk, bacalhau (torsk), til dømes stekt eller i form (com natas).
  • Et eit kjøtstykke, og få det servert med eit egg på toppen, pomme frites og ris. Nei, ikkje noko grønt. Det er for pingler. Ikkje ketchup eller annan saus heller, viss du ikkje spør om det.
  • Olivenolje og vineddik står alltid klar på bordet, hell det gjerne over maten.

[DISCLAIMER: Så varmt og godt det ser ut i Lisboa, tenkjer du kanskje. Vi brukte ull kvar dag.]

Ligge i grøne enger

Det har vore ei hektisk veke full av opplevingar og latter. Det kjem eg tilbake til.

Men i dag kunne eg ta det med ro.

Eg  la meg på ein grasplen og såg opp gjennom trekroner til luftige sukkerspinnskyer.

Eg gjekk òg opp på utkikkspunktet i nabolaget, åt grilla kylling og såg på alle som naut solnedgangen.

Håper du har hatt ein fin søndag!

Ein av oss er alltid vaken

V har floge av garde til Asia og meir enn før blir eg klar over at vi lever på ein klode som går rundt og lyset følgjer mørket følgjer lyset. V står opp like før eg legg meg og det er rart å legge seg til å sove og vite at han har ein heilt ny og rein dag framfor seg. Det er sjølvsagt, men likevel rart, å bytte på å vere vaken.

Å vere åleine i ein by er ein fin måte å bli betre kjend med han på.

På ein kafé i kveldinga, med sitron i varmt vatn og ein pastel de bacalhau.

Passe hipt på LX Factory

Ein liten busstur utanfor sentrum av Lisboa, under den store brua, har eit nedlagt fabrikkområde fått nytt liv. Det har blitt ein kreativ stad, med bokhandel, restaurantar, vintage- og kunstbutikkar . Det er tydelegvis ein stad som mange er innom.  Då vi gjekk langs gata og eg sa: Å sjå der og sjå der, sa V: Ja, sett det på Instagram allerede.

Fabrikkområdet er frå 1846 og var tidlegare ein tråd og tekstilfabrikk, Companhia de Fiação e Decides Lisbonense. Det industrielle området er på 23.000 kvadratmeter. No skal dette vere ein stad som tilhøyrer alle, for alle, står det på lxfactory.com.

Eg blei sjølvsagt forelska i bokhandelen, lagt til eit gammalt trykkeri. Ler Devagar heiter bokhandelen, og det betyr les sakte, noko som er fint berre i seg sjølv. I tillegg til hyller opp til taket, fulle av bøker i alle ulike kategoriar (diverre for det meste på eit språk eg ikkje kan – enno), var det ei utstilling av dei gamle trykkemaskinene, ein kafé, eit kinetisk teater og ein syklist med vingar på sykkelen. Ler Devagar har òg mykje kulturelle aktivitetar, som konsertar, skodespel, performance og kunstutstillingar – og kvar søndag blir det til eit marked med alt frå antikvitetar til urbant handverk og plantar.

Sånn skal gjerne ein bokhandel vere! Full av bøker og liv og kunst og pastel de nata.

Til slutt nokre fleire bilete frå denne staden som har sykkel og hól i veggen, bussar oppå containerar og bilete under bordet.

Bom dia!

Vi har vore på språkkurs!

Så no kan vi portugisisk til fingerspissane – det vil sei, eg kan så vidt presentere meg sjølv:

Chamo-me Sunniva e sou da Noruega. Eu sou escritora. Eu gosto de tirar fotografias as pessoas. Eu sou um irmão. Chama-se Simon. 

Rein poesi, er du ikkje einig?

Det kan godt vere vi er her for kort til å kunne forstå så mykje, men det er gøy å prøve å lære eit språk – god hjernegymnastikk er det òg. I tillegg kjenner vi att ein god del frå både spansk og fransk, så vi lærer meir av dei andre latinske språka samstundes.

Vi blir eksponert for mykje portugisisk, men nett no verkar det heilt umuleg å komme til eit punkt der vi kan forstå nok til å få med oss kva som blir sagt. Dei snakkar så raskt og dei sløyfar mange av vokalane innimellom.

Eg trur det er sunt  å vere i eit land der eg er så totalt avhengig av hjelp til å forstå kva som blir sagt. Ei lekse i audmjuke og det å tørre å ikkje vere flink, å bli som eit barn når ein skal seie noko.

Det er gøy når kelnaren på restauranten oppdagar at vi gjer våre portugisisk-lekser og han  seier at han berre skal snakke portugisisk med oss frå no av. Obrigada!

Når storbyen blir liten

No har vi vore i Lisboa i over to veker – og det som først var ein omtåkande stor by, har no blitt mindre. Vi har kobla saman gater og slott og haugar. Framleis er det mykje, alt for mykje, å utforske og sjå, men nabolaget vårt kjenst oversiktleg og koseleg, nærast som ein liten landsby.

Ein kveld støtte vi på ein frå kontoret vårt på Pho-restauranten nedi gata. Det var så fullt der, at dei einaste ledige plassane var på vårt bord. Plutseleg åt vi middag saman. Dagen etter gjekk vi til utkikkspunktet oppi gata, og jammen var det ikkje nokre vi kjende der òg. Der er altså nesten som heime i Bergen.

Ei anna på kontoret vårt, som er frå Lisboa, seier at ho nærast ikkje drar til sentrum lenger. Det er så mykje stress der – og dyre prisar. Ho held seg i nabolaget og det er nett som ein eigen liten by, med kjentfolk rundt hjørnet.

Noko eg var mest spent på før vi drog, var nettopp det om vi ville bli kjend med nokre her vi kom. Og det er jo det som er det gøyaste – å få bli kjend med nokre som bur her, som kan komme med dei beste tipsa og lære meg litt meir av språket (… språklæringa går diverre sakte, men det går framover.) Tchau!

P.S. I dag hadde eg ei økt om ordtak på Duolingo og har mellom anna lært det svært nyttige uttrykket: Mais perdido que cego emtiroteio!* Må vel få brukt det i løpet av veka …

* Klarer du ikkje å oversetje det sjølv? Duolingo foreslår “lost as a nun on a honeymoon” som den engelske ekvivalenten til dette ordtaket, men det verkar som det handlar om ein blind mann i eit skytedrama (?) og då kunne det jo vore nyttigare å få det meir direkte oversatt og deretter forklart – men det var jo eit ganske morosamt høve dette her då, nonner og skytedrama.

Kaldt ute, kaldt inne, kaldt i nesa, kaldt på kinnet

Vi er midt i den portugisiske vinteren. Myndigheitene (eller var det mediene?) gjekk visst ut med varsel om at det kom til å bli kaldt i dag og at svake og eldre ikkje burde gå ut. Ikkje at eg forstår det, for det er vel så kaldt inne.

I går var vi på lønningspils med Cowork-kollegaene våre (det vil sei lønnings-vin og -ost) og då fortalde dei at det er fleire som har dødd i Portugal på grunn av at det er for kaldt inne i husa. Det viser seg at det er svært kostbart med elektrisitetet og få vil prioritere å bruke pengar på å varme opp huset. – Og vi tenkjer eigentleg at det alltid er sol her, sa ei.

I Bergen ville vi sjølvsagt aldri fått eit varsel når yr melde 10 grader og regn, men kulda kjenst annleis her i Lisboa. Det er ekstra kaldt når det ikkje er nokon stader som er varme – verken kafear eller baderom. V har pådratt seg ei koseleg forkjøling og ligg og hostar under dyna. Vi er heldige som kan ha varme heimar vanlegvis. Når vi vaknar her er det fullt av dropar på innsida av vindauget – og dråpane er der visst framleis, ser eg no.