Flø

På veg heim frå Herøy, fekk eg tatt turen innom Flø der eg ikkje har vore sidan eg var fire-fem år gammal. Eg har berre høyrt om denne staden – mormor mi som heitte Flø før ho gifta seg, foreldra hennar som kom frå Ytre og Indre Flø.

Tett på storhavet, med dramatisk natur. Oldefar min levde av havet, slik far hans og far hans att sikkert gjorde. Det er ein svært vakker stad. Eg har høyrt at det er nydelege solnedgangar her.

På vegen såg eg fleire sandstrender. Det er visst fine surfemulegheiter her òg. Men det er ikkje så mange som bur her, og no finst det ingen skule lenger. I følgje WIkipedia hadde bygda 177 innbyggjarar per 1. januar 2017. 

Men det var ein del nye funkisbygg på vegen. Folk har flytta til Flø i nyare tid– kanskje for å komme seg vekk frå bykaoset, maset i kvardagen, vere tettare på naturen. Ein nydeleg stad er det i alle fall.

Og ein nydeleg dag. Sjølv om ventetida var nokså lang på Hareid fergekai, var utsikta perfekt.

Ute i havgapet

For tredje gong er eg tilbake på Herøy, for å ha skrivekurs med åttandeklassingar. Det er stor stas å få komme tilbake. Då vi køyrde frå Hareid til Herøy på morgonen i dag, var det eit nydeleg blåskjær over fjella og eg innsåg at det er første gong eg kjem ut hit og det ikkje er tunge, mørke skyer på himmelen.

I dag som før skulle eg vere på rommet med det koseleg namnet: Loftet. Teknikken verka som han skulle og alt var klart i god før elevane kom. Det blei ei veldig fin morgonstund. Etter at eg hadde snakka kom ei jente bort. Eg skjønte først ikkje kva ho spurde om, for vanlegvis får eg spørsmål om skriving eller elevane deler si eiga interesse for skriving Men med kul på magen er det tydelegvis andre spørsmål ein får: Er det gut eller jente? 
Utafor vindauga var det nydeleg lys som spegla seg i vindauge og i isen.

Fordelen med å vere tilbake på ein skule eg har vore på før, er at eg faktisk klarer (så vidt) å finne fram til lærarrommet mellom øktene. Og denne dagen fekk eg den beste lunsjen eg har fått på nokon skule: Først spurde dei faktisk kva eg ønska meg, og så fekk eg nysmurte rundstykke frå bakaren. Grove rundstykke med gresskarkjerner og anna snadder. Luksus!

I dag hadde eg to grupper innom for skrivekurs, i morgon skal eg ha resten. Dette er noko av det gøyaste: å få lese og høyre elevane sine eigne tekstar. Fantasien dei har og motet til å skrive i veg om så mange forskjellige saker. Vi var innom både skrivespurt, personskildring, kjensleskildring og dialog. Då ein av elevane spurde om eg skulle ha fleire økter med dei, og eg svarte nei, sa ho: «Det var dumt, for dette var jo litt kjekt dette». Ah, det varma eit forfattarhjarte og konklusjonen er at denne  dagen var slett ikkje verst.

Det er alltid interessant å ha ein einsam kveld på ein liten stad. Eg fekk heldigvis sett meg rundt i litt dagslys – det er første gong i løpet av desse tre åra. Naturen er vakker, og eg fekk gått innom fleire butikkar. Mange butikkar som ikkje er tradisjonelle kjedebutikkar, og det var fascinerande å legge merke til kombinasjonane av innhald. Bokhandel med kontormøblar og vesker ein stad, plante- og gåvebutikk ein annan, kles- og leikebutikk trur eg òg det var. 

Nokså kaldt var det, med ein rå, gjennomborande vind. Men lysspelet varma. No gjenstår det vanskelege valet om kvar eg skal ete middag. Restauranten på bryggekanten, den vesle pizzasjappa eller hotellet? Vi får sjå.

Skrivekurs for 130 elevar

Det var svært gøy å få komme tilbake til Fagerlia, min gamle vidaregåande skule, for å ha skrivekurs for omtrent 130 elevar. Eg hadde vridd hovudet mitt på førehand, for å finne best muleg måte å få dette til. Vanlegvis liker eg helst å ha små grupper, og vi delte opp elevane i grupper. Eg som ikkje kunne vere alle stader samstundes gjekk på visittar til alle klasseromma, med god hjelp frå lærarane, gjekk det faktisk an! Og det var fint å ha nettstaden Skrivefri som ein stad å publisere tekstar mot slutten av dagen, slik at eg kunne lese fleire av tekstane som blei presenteret enn det eg fekk tid til på rundene mine.

Det er alltid kjekt å få innblikk i elevtekstar og noko av det aller finaste er å møte elevar som først tenkte at dei ikkje kunne skrive tekstar, men som i løpet av dagen får oppleve at det faktisk kan vere gøy – og ikkje så skummelt som ein skulle tru. Eg skulle gjerne hatt meir tid med alle skrivegruppene, men det var godt å komme inn i dei ulike klasseromma, gå rundt, sjå kor elevane skreiv eller snakka om tekst og eit privilegium å få komme på besøk i så mange ulike klasser.

Takk for ein flott skrivefagdag Fagerlia!

Tilbake til vidaregåande

I år er det akkurat ti år sidan eg kom meg ut av vidaregåande – og i morgon skal eg tilbake til Fagerlia, skulen der eg blei glad i realfag, lærte å hate pip-testar i gymtimen, las om lyriske strukturar i friminutta – og ein heil del anna som ein får tid til i løpet av tre år.

I morgon skal eg ha skrivekurs for 130 elevar – noko som blir svært spanande. For å få det heile til å gå opp, sidan eg ikkje kan vere fem stader samstundes, har eg laga ein nettstad der elevane kan dele ein tekst frå skrivekurset. Gå gjerne innom og sjekk om det har blitt liv i sida 🙂

I kveld fann eg notatbøker, russekort og ei russeavis for internasjonal klasse 2004 – 2007. Inni avisa blei alle i klassa bill.mrk., og nokre var så greie at dei tok på seg oppgåva med å skrive kontaktannonsene våre. I mi står det mellom anna: «Du må like mine kunstneriske sider og bli med meg ut på mine mange  ferder som suksessfull poet, og du må ikkje nokon gong gjere meg vonbroten i hjarterota mi.»

No har eg ikkje blitt ein poet, men fleire ferder har eg fått dra på likevel, og i morgon skal eg tilbake til vidaregåande, ti år etter.

Røroseventyr

Etter berre eit knapt døgn på Røros, har eg blitt småforelska i staden. Det har vore sol og kneistrande kvit snø. Hotellet vi låg på hadde fyr i peisen, og nokre gjestar som spelte brettspel i fellesområdet.
Overalt kvar eg gjekk, var husa små og søte og sparkane stod klare utanfor.
Då vi besøkte Røros skule i dag, skein sola over plassen. Syklar (kanskje med piggdekk?) stod ved sidan av sparkar, i den kvite snøen. Eit nytt bygg og eit gammalt, vi kunne sjå over til det gamle bygget og der stod eit skjelett – eit sånt fint og gammalt eitt.
Elevane på skrivekurset var engasjerte. Nokre drøfta klimaspørsmål, andre skildra korleis det kan vere for ein gut å lengte etter å ta på seg ein raud kjole. Dei drog historier ut av bileta eg hadde med, og skrivespurta seg til gode tekstbitar.
Etterpå vende bokbussen tilbake mot Trondheim, og sleppte meg av på Støren. Etter at sola var gått ned, noko som jo ikkje er så seint, gjekk eg gjennom sentrum, og blei overraska over den korte avstanden. Men dei hadde heile to pizzeriaer like ved kvarandre. Det kjenst alltid rart å vere heilt åleine på restaurant, spesielt når det er få andre der. Difor valde eg den mest folksomme av dei to (to par) og sette meg.
Eg såg ut på den svarte asfalten. Snøen var berre som eit gjennomskinleg slør over han. Alt verkar så mykje svartare med ein gong snøen forsvinn. Vintermagien frå Røros blei att på Røros. Men eg gler meg til å sjå Støren i morgonlyset. Kanskje blir opplevinga ei heilt anna då.

På eventyr med bokbussen

image

Første dag på eventyr med Bokbussen! Det starta i eit slafsete Trondheim, med regn som øydela nysnøen frå dagen før. Tidleg på morgonen gjekk eg til folkebiblioteket for å bli møtt av bokbussjåføren. Før biblioteket hadde opna, stod eg der, og blei henta inn i bygget frå ei sidedør. 

Det var som om eg skulle på eit hemmeleg oppdrag, kanskje for å redde verda. 

Vidare blei eg ført inn i heisen, ned i kjelleren, vidare inn i eit magasin med mange bøker og etter fleire hyllerader, der: opna rommet seg til eit større rom, der sjølvaste bokbussen stod. 

Det var som om det var Batmans bil, slik føltest det i alle fall. 

TADA! 

Med inngang berre frå sida, og eit heilt bibliotek, med ulike hyller fulle av bøker og ein skranke i tre. Det var berre å sette seg framme i cockpiten, og legge ut på reis. 

image

Det er flott å kunne sitte så høgt over vegen, og berre sjå. Vi skulle ut på eventyr, etterkvart viste det seg å bli eit vintereventyr. Kaldt og klart, med sol som på eit tidspunkt gjekk rett i auga. Det var herleg. 

image

I Ålen fekk elevane besøke bokbussen, og eg hadde skrivekurs med ein fin liten gjeng med elevar. Det var stas å høyre alt dei skreiv. Vidare drog vi til Røros. Åt lunsj på kaffistuggu, og såg sparker utanfor mange dører. Det ser ut som eit vinterparadis, henta frå ein perfekt julefilm. Snøen knaska under skoen og sola var på visitt. Sjølv om det alltid var fint å vere gøymd i ei dunjakke. 

image

På kvelden fekk vi komme til biblioteket, og snakke om tendensar i ungdomslitteraturen. 

Konklusjon: Det er veldig kjekt å få vere på turné med den kulturelle skolesekken i Sør-Trøndelag, og bokbussen er herved min favorittbuss.

Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur

image

No har eg vore på vegen i over to veker. Eg sit att med minne frå svært mange hyggelege skulebesøk, elevar som er meir og mindre interesserte i å lese og skrive, og innsida av mange lærarrom. Autografhanda har ikkje akkurat slite seg ut, men fint er det når ein ung elev, etter å ha tenkt seg om, kjem springande etter meg med skriveboka si og spør om eg ikkje kan vere så snill og skrive autografen min. 

Vanlegvis når eg snakkar til elevane, er dei stille og lyttar. Men i ein av timane på måndag blei ein liten gjeng jenter plutseleg full av latter. Eg la merke til at vaktmeisteren køyrde forbi utafor vindauget, men skjønte ikkje heilt kvifor dette var så morosamt. Eg hadde nett snakka om at eg synest det er fint å legge merke til ting rundt seg, når ein skal skrive, så det kunne jo argumenterast for at desse gjorde nett det. Då eg var ferdig kom jentene bort til meg, for å forklare kvifor dei hadde ledd. 

Og det viste seg at det var ei heil lita historie som hadde gått føre seg der utafor auditoriet: 

Fuglen som kræsja i vindauget og blei blåst på av vaktmeisteren

Ein fugl kom flygande og såg ein gjeng elevar inne i auditoriet, og hadde kanskje lyst å vere med. Det han ikkje visste var at mellom oss og han sjølv, var det tjukke glasplater. Han flaug rett på vindauget, og fall ned på bakken like før vaktmeisteren kom rundt hjørnet på ein eller annan doning med hjul og sete på. Vaktmeisteren hadde sett fuglen, og no stoppa han opp, løfta opp det vesle nurket i hendene sine og blåste på det. 

Så la han fuglen tilbake på bakken. Det er her historia spissar seg til. 

Vaktmeisteren måtte arbeide vidare, og køyrde ein runde rundt skulen. Elevane kunne høyre han komme ein gong til, og like utafor vindauget sakna vaktmeisteren farta, såg fuglen, og passa på at fuglen ikkje blei påkøyrd. Dette skjedde to gongar. Vaktmeisteren køyrde rundt og rundt, fordi han måtte gjere vaktmeistersaker.

Men så, plutseleg!

Svinga han rundt hjørnet igjen, og kom til å køyre over fuglen som han hadde vore så forsiktig med. 

Det er alltid ei historie å legge merke til. Denne var nokså tragisk. 

I går køyrde eg over Stranda-fjellet i tjukk tåke. I dag hadde himmelen klarna opp, og viste hausten sitt inntog. Og det er det som viser seg, sjølv om denne kultursekkturneen foregår på Sunnmøre, kjem det finevêr til slutt. Etter regn, tåke og vind, blir skyene skyvd vekk til fordel for blå himmel og varmt solskin. Kvar gong kjenst det like stort. 

image

image

image

image

Turnéliv

Statusoppdatering på kultursekkturneen:

  • Dei siste tre dagane har eg vore i over ti kommuner
  • Dei siste tre dagane har eg tatt ferge ni gongar
  • Eg har køyrt meir samanhengande enn nokon gong tidlegare
  • Eg har køyrt feil og plutseleg vore i Sogn & Fjordane
  • Eg har møtt svært mange hyggelege elevar og lærarar

Dagen i dag:

Brattvåg – Vatne – Haramsøy – Ulsteinvik

Eg trudde hausten hadde komt på skikkeleg, men neidå. I dag lyste sola, sprakk opp skylaget og opna verda. 

Det har vore ein svært oppmuntrande dag. Elevane var fulle av spørsmål, og det var kjekt å få høyre at mange av dei er byrjande forfattarar, at dei skriv godt og er glade i å lese. Ein av elevane spurde kvifor eg tok bilete av gangen deira. Dette er grunnen:

Sjølvsagt var det på ein onsdag at eg skulle over til Haramsøya, for då viste det seg at fergerutene var ekstra spesielle. Klarte eg ikkje å rekke ferga som gjekk like over ti, kunne eg berre gløyme å komme meg dit i tide. 

image

Men det gjekk, med god margin. Eg køyrde langs kystvegen, og det var så mykje nydeleg å sjå. På ferga måtte eg som einaste passasjer bli med fergemannen opp på billettkontoret, sidan eg skulle betale med kort. Han lurte på om eg var ein av arkeologane. Ja, for han kjende igjen alle dei andre på ferga, visste som regel kven dei var, sa han. Eg kunne kjøpe tur-retur-billett, for «det e ej som vil vere her", sa han. Så då gjorde eg det. 

Det var tydeleg at dette var ein stad der alle kjente alle. Inne på Coop verka det som dama bak kassa kjende alle på fornamn. Og alle på butikken såg forskande på meg. Svært vennlege, men sikkert litt undrande. Kven er dette?

image

Lunsj åt eg ute på ein molo, med ei einsleg måke til selskap på andre sida. Eg hadde god tid (sidan ferga gjekk så sjeldan, hadde eg mange timar å slå i hel) og gjekk på sightseeing. 

image

image

image

Det kjendest litt ekstra spesielt å vere ute på ei av øyane ute i havgapet på Nordvestlandet, sidan det er på ei slik øy handlinga i debutboka mi foregår. I Utfor finst det ei øy som heiter Ytsteøya, og ligg ytst ute. Kanskje høyrest det merkeleg ut, men eg blei mint på alle karakterane og stadene frå denne boka, dei kom litt nærare meg medan eg var der. Difor var det òg ekstra fint å få snakke med elevane. Ein fin liten gjeng, som kom med gode spørsmål og spurde kvar dei kunne kjøpe bøkene.

Det var ein av fleire grunnar til å kjenne seg heldig i dag. Ein annan var at eg skulle til Skjelten og ikkje til Kjerstad. 

(La meg ta ein avstikkar, til ein av dei andre dagane, då eg klarte å kvele motoren ved ombordkøyring, og mesteparten av køa køyrde forbi meg. Eg har altså meir enn nok med å skulle køyre på ferga riktig veg)

image

Måkeskrik. Skiftande vêr. Frisk luft. Koselege hus. Blomster i beda.

Ein fin stad, dette. 

image

Men ein må komme seg av garde. Eg skal vidare, må vite. Endå ei ferge. Og for første gong på turen kjøpte eg ei svele. 

(Avstikkar nummer to: Tidlegare i sommar kjøpte eg ei svele i Sogn & Fjordane. Dei er ikkje like gode.) 

image

Tilbake til ungdomsskulen

På fredag var eg tilbake på min gamle ungdomsskule. Mange gongar har eg gått gjennom desse gangane, stressa eller nysgjerrig skrivande i notatboka mi. Smådeppa eller småforelska. Som regel den som ikkje stakk seg fram og som var stille i timane. 

Sidan det var nydeleg flott vêr, gjekk eg til skulen. Litt tidleg ute, så eg fann ein knaus å klatre opp på. Eg forstår at det er bloggar om klede etc som gjer det stort her i verda, så her er eit bilete av dagens outfit. Tatt frå ein svært gunstig vinkel.

image

Inne i gymsalen, som ser mindre ut enn eg hugsar, står stolane på rekke. Alt er gjort klart.

Etter kvart kjem elevane og fyller rommet med liv.

image

Det var kjekt å møte elevane, og kunne fortelje frå då eg sjølv gjekk på skulen og såg med nysgjerrige auge på alt rundt meg. Elevane var entusiastiske og lyttande, og etter den første presentasjonen fekk eg ein av dei største klappeseansene eg har hatt. Dei hjelpte meg òg til å forstå at Facebook (og Facebook-page) er litt for gammaldags. Dei var meir interesserte i vite Instagram-namnet mitt. 

No har eg brukt helga til å skrive master, og planlegge neste veke. Då blir det lengre strekk i bil, og nye stader å bu nærast kvar kveld. Allereie i dag startar eg på turen sørover, og det kunne ikkje vore betre vêr her på Sunnmøre. 

image

image

Dag 1 med kultursekken

Det skal vel ikkje berre gå glatt første dag på turné. Det er godt poloen min, Pollyanna, er optimist, så eg prøver å lære av ho. Det var i alle fall ein svært vakker morgon som møtte meg utafor døra. 

image

(Eg har vakse opp med denne utsikta, likevel kan ho dra pusten ut av meg. Eg har svært mange bilete av nett dette utsnittet, men eg klarer ikkje la vere å ville dele eit slikt syn)

Pollyanna og eg køyrde av garde, og det var først etter at eg hadde parkert på ein parkeringsplass som var herleg (og urovekkande tom?) at ting byrja å ikkje gli så glatt lenger.

image

Eg får telefon frå ein journalist som spør om det er greitt at ho kjem til min første presentasjon på første turnédag, og det er sjølvsagt veldig kjekt, men eg er forkjøla og huda under nasen min har den særs vakre tendensen til å bli sår og raud. Eg skulle sjølvsagt gjerne ha pudra nasen litt (viktige saker) i fall det skulle bli tatt bilete. Så eg gjekk av garde (til fots – var sjeleglad for at eg hadde funne parkeringsplass, så ville ikkje risikere å miste han). Det stykket som ville tatt meg eitt minutt i bil, tok sju minutt å gå. Spar hadde ikkje eit stort utval i skjønnheitspleie (kven skulle trudd?), så eg gjekk tomhendt tilbake til skulen – litt småstressa for no byrja det å bli like før eg skulle vere der (ein halvtime på førehand). 

image

Det er vanskeleg å finne fram på skular. Er det berre meg eller er det noko andre opplever? I alle fall styrte eg på, fram og tilbake, og rundt, og fann til slutt nokon å spørje etter vegen. Då eg endeleg hadde funne fram til dit eg skulle møte opp, var det ingen der. Alle var hyggelege, og ville hjelpe, men det hjelpte ikkje når dei ikkje visste kvar eg skulle vere. Ti minutt før eg skulle starte, fann vi ut av dette. 

Og då … du trur vel ikkje at eg hadde klart å gløyme overgong frå Mac til VGA? 

Jau … 

Ein kan ikkje gløyme overgang til Mac. Det burde eg ha lært. Men vennlege folk lot meg låne ein pc. Denne hadde personlegheit (ein får vel seie det sånn, i Pollyanna si and). Til tider ville han ikkje meir. Han stoppa opp. På eit tidspunkt slo han seg berre av. Andre gongar var han trassig og venta med å skifte slide til vi hadde komme over på andre tema. Men elevane tok det med snill latter, og hjelpte meg å logge meg på, på nytt. Dei stilte engasjerte spørsmål og følgde med sjølv om teknologien sette seg på bakbeina. 

Gjennom dagen hadde eg min eigen storsal, der eg mellom øktene var heilt åleine, og kunne sitte i vindaugskarmen og sjå ut på Pollyanna som stod og sleika sol. Åleine, men nøgd. Det vil eg tru, i alle fall. 

image